Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Agronomutdanning for vaksne

Stend vidaregåande skule tilbyr agronomutdanning for vaksne. Utdanninga er eit samarbeid med Hordaland fylkeskommune, og er eit ledd i satsinga på rekruttering og kompetanseheving i landbruket.

ImG_0868.JPG

 

Studiet gir kompetanse i landbruksfag på Vg2 og Vg3 på vidaregåande skule sitt nivå.

Studiet høver godt for deg som er i arbeid fordi det er basert på 9 helgesamlingar (fredag + laurdag) og med innleveringsoppgåver over internett mellom samlingane. Dei som fullfører og består programfaga og har fullført naudsynte fellesfag tidlegare, alternativt får dei godkjent gjennom realkompetansevurdering, får vitnemål som agronom etter 2 år.

Målgruppe: Vaksne over 25 år som treng kompetanse for å drive gard eller på annan måte vera yrkesutøvar innan landbruksnæringane.

Kostnader: Utdanninga er gratis, men deltakarane må sjølv dekke moglege kostnader knytt til reise og opphald i Bergen på samlingane.

Kurslengde: 2 år (fredag kl. 10.00 -18.15 + laurdag kl. 09.00 – 15.30 ei helg i månaden)

Tal på deltakarer: 14

Søknadskjema

For meir informasjon kontakt kursansvarleg på Stend, Erling Kjosås på e-post: erling.kjosas@hfk.no eller ring skulen på 55918800.

Generell informasjon om nettbasert agronomutdanning for vaksne 

Opplæringstilbodet er utforma slik at måla er identiske med mål i:

1.   Utdanningsprogram for naturbruk – programområde for landbruk og gartnarnæring – læreplan i felles programfag Vg2

2.   Utdanningsprogram for naturbruk – programområde for landbruk – læreplan i felles programfag Vg3

Kunnskapsløftet har vidareført ordninga med komprimerte utdanningsløp, som Reform 94 opna for. Nettbasert agronomutdanning for vaksne er også tilpassa denne ordninga. 

Innleiing

Nettbasert agronomutdanning for vaksne tek sikte på å utvikle yrkeskompetanse (kunnskapar, ferdigheiter og haldningar) i høve til allsidig landbruksproduksjon.

Med landbruk meiner ein her biologisk forvaltning av landarealet i ei vid tyding.  Mjølkeproduksjon, eggproduksjon, sauehald knytt til utnytting av fjellbeite, opplevingslandbruket knytt til turisme, miljøvern, naturforvaltning, skjøtsel knytt til kulturlandskap og entreprenørskap er eksempel som viser spennvidda og mangfaldet innan landbruket.

 Nettbasert agronomutdanning for vaksne er eit tilbod til dei som:

1.      Ønsker å skaffe seg yrkesfagleg landbruksutdanning innan alle dei fagområda som er aktuelle for å drive eigen gard, arbeide som husdyravløysar, landbruksvikar eller med anna praktisk landbruksarbeid

2.      Ønsker landbrukskompetanse som eit supplement til annen formell utdanning

3.      Ønsker å bygge opp formell kompetanse i høve til vurdering av realkompetanse

4.      Ønsker grunnleggande kunnskapar, fordjuping eller spesialisering innan enkelte fagfelt

5.      Ønsker meir kunnskap om natur- og miljøspørsmål 

Innhald i opplæringa

Nettbasert agronomutdanning for vaksne inneheld alle programområda som er med i læreplanen for Vg2 og Vg3.

 

Fag frå VG2:

Produksjon og tenesteyting 

Forvaltning og drift 

Prosjekt til fordjuping 

Fag frå VG3:

Plante- og husdyrproduksjon

Utmark og kulturlandskap

Gardsdrift

Valfrie programfag 

Inntakskrav

  • Skal ein ha grunnleggande kunnskap, fordjuping eller spesialisering innan enkelte fagfelt utan tanke på ei formell utdanning, er det ingen inntakskrav ut over at ein må vere fylt 25 år.
  • Skal ein ha vitnemål ved fullført utdanning, må ein ha kompetanse i fellesfag tilsvarande 3-årig vidaregåande skule. 5 års yrkeserfaring gjev fritak frå kravet om fellesfag, dersom søkjaren er 25 år eller eldre (Forskrift til opplæringslova § 1-13, siste ledd). Vidare må ein ha Vg1 naturbruk eller tilsvarande. Dei som ikkje stettar krava til inntak, men likevel ønskjer vitnemål ved fullført utdanning, må gjennom realkompetansevurdering før vitnemål kan skrivast ut.

 

Agronomutdanninga er ei nettbasert opplæring kombinert med samlingar. Timetalet på samlingane utgjer totalt ca. ¼ av stipulert timeforbruk pr. fag. Dette betyr at i eit 16-timars fagtema bruker vi 4 timer på ei samling, tillegg er det stipulert 12 timar heimearbeid i form av lesing og oppgåveløysing for å dekke måla i læreplanen.

Nettbasert agronomutdanning går over to år. Ein tek då Vg2 første året, og Vg3 andre året. Normalt vil kursa bli tilbydde frå august til juni månad, med eksamen om våren.

Kompetanse

Full kompetanse (yrkeskompetanse som agronom): Vitnemål for fagutdanning innan landbruk blir oppnådd ved å fullføre studiet som vanleg elev eller ved å gå opp som privatist i alle fagområda med karakter 2 eller betre. I tillegg må kompetanse i fellesfag tilsvarande læreplanen for studieretninga dokumenterast.

Dokumentert delkompetanse: Kompetansebevis gitt som dokumentasjon på fullførte programfag, med karakter 2 eller betre.

Nettbasert agronomutdanning for vaksne tek ikkje sikte på å skaffe elevane generell studiekompetanse.

Følgjande sertifisering ligg inne/delvis inne i studiet:

  • Bruk av motorsag
  • Helse, miljø og sikkerheitsopplæring (HMS)
  • Autorisasjonskurs i plantevern