Naturbruk - Yrkesfaglig grunnutdanning
Grunnkompetanse med undervisning i eiga gruppe (HT). Gruppene er for elevar med rett til spesialundervisning og som i utgangspunktet har mål om grunnkompetanse.
Mål om grunnkompetanse vil seie at opplæringa tar utgangspunkt i dei faga eller delar av faga som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført i staden for eit vitnemål. Ordninga krev enkeltvedtak om spesialundervisning.
HT-grupper har færre elevar og tettare pedagogisk oppfølging enn i ordinær klasse. Læring gjennom praksis er ein sentral metode, og det vert lagt stor vekt på sosial læring og trening for framtidig arbeid. Elevane vil og få praksis i arbeidslivet. For nokre elevar kan det vere aktuelt å ha heile opplæringsløpet i gruppa, for andre kan det vere aktuelt å gå over til ordinær klasse på Vg1 eller Vg2. Elevar i eiga gruppe (HT) kan få vurdering med karakter i einskilde fag dersom det er grunnlag for det.
På yrkesfaglig grunnutdanning på Stend tilbyr vi:
- Ein praktisk og aktiv skulekvardag knytta til utdanningsgruppene:
- Lager og transport
- Kantinedrift
- Park og Anlegg
- Dyrefag
Alle gruppene har tilbod om:
- Fysisk aktivitet, for eksempel på Stend Fitness og i Bjarghallen
- Eit opent og utforskande læringsmiljø
- Arbeidsutprøving i bedrift
- Deltaking i felles aktivitetar på skulen med ulike klasser

Vi arbeider for at den enkelte elev skal:
- Oppleve eit personlig ansvar i forhold til sin eigen læringssituasjon
- Oppleve at skulen har fokus på han eller henne
- Oppleve ein tydeleg struktur og tydelege rammer og vilkår for opplæringa
- Utvikle sosial kompetanse som ein treng i samfunns- og arbeidsliv
- Sjå sine eigne ressurser og moglegheiter
- Førebu seg til eit arbeidsliv som vaksen
- Vidareutvikle sin relasjonskompetanse, og utvikle vennskap til sine medelevar
- Vidareutvikle sine sosiale og kommunikative dugleiker
Organisering:
Dei ulike utdanningsgruppene legg vekt på at opplæringa skjer i ein realistisk arbeidssituasjon, og er bygd opp etter modell av ordinære verksemder. På dei ulike verkstadene/læringsarenaene utfører elevane arbeidsoppgåver som er i samsvar med dei krav som blir stilt til produksjon og yting i bransjen. Elevane høyrer til i éin utdanningsgruppe. I kvar gruppe er der 8 – 12 elevar og to tilsette som arbeider saman i eit praksisfellesskap. I tillegg har elevane eigne timar med fellesfag som norsk, engelsk, naturfag og samfunnsfag.

Lars Ivar Søvik
Avdelingsleiar Yrkesfagleg grunnutdanning