Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Kvardagslivstrening

Opplæringa er tilrettelagt for elevar med store hjelpebehov, og med rett til omfattande spesialundervisning. Målet er at elevane skal få betre kompetanse til å meistre ein framtidig tilrettelagt arbeids-, bu- og fritidssituasjon. Målgruppa er elevar som har trong for eit varig tilrettelagt omsorgstilbod.

Kvardagslivstrening på Stend

På Stend er kvardagslivstrening knytt opp til utdanningsprogrammet naturbruk.

Avdelinga har base i eit nyleg rehabilitert bygg i hjartet av det historiske kulturlandskapet på Stend.  Garden, dyrerom, ulike verkstader og naturen gir unike opplæringsarenaer for produksjon og aktivitet.  Vi har gode moglegheiter for læring og sansing gjennom ekte opplevingar og konkrete læringssituasjoner. Elevane på Stend har såleis ein praktisk og aktiv skulekvardag.

SAM_1654.JPG

På kvardagsliv får elevane meiningsfulle læringsoppgåver knytt til stell i fjøset, hest og stall, gartneriet, treverkstaden, i  avdelinga for selskapsdyr, i jordbruket m.m. Oppgåvene vert tilpassa eleven sine behov og interesser. 

ImG_8760.JPG

Døme på tema og mål i opplæringa:

  • Undervisning med fokus på samspill med årstidene og garden sin syklus
  • Følgje frø og planter til ferdig produkt – fra jord til bord
  • Nærkontakt med små og store dyr
  • Friluftsliv: gapahuk, mat på bål, naturløyper, sansehage, båt, kano, naturekspedisjonar til fjells og til vanns, spaserturar i tilpassa terreng
  • Trening sammen med høgt kvalifiserte idrettselevar, på Stend Fitness og i Bjarghallen
  • Musikkterapi
  • Estetisk aktivitet
  • Eit opent og utforskande læringsmiljø
  • Deltaking i elevbedrift
  • Arbeidsutprøving ved VTA-bedrift
  • Deltaking i felles aktiviteter på skulen med ulike klasser
ImG_7540.JPG

 Vi jobbar for at den enkelte elev skal:

  • Få mest mogleg kompetanse til å spele hovudrolla i sin eigen kvardag, og til å ta sjølvstendige val i kvardagen.
  • Bli bevisst eigne ressursar og moglegheiter.
  • Vidareutvikle grunnleggande ferdigheiter, i lesing, skriving, rekning og digitalt.
  • Førebu seg til vaksenlivet, eigen bolig, dagsenter, eventuelt arbeid i vekstbedrift.
  • Utvikle medvit om kropp og seksualitet. Kunne sette grenser for seg sjølv og andre.
  • Vidareutvikle relasjonskompetanse, og utvikle venskap til sine medelevar.
  • Vidareutvikle sosiale og kommunikative ferdigheiter.
  • Stimulere kreativitet og nysgjerrigheit.
  • Få forståing av, og medvit om sine eigne kjensler, t.d.  sorg, sinne, glede, forelsking, å vere lei seg osv.
SaM_1665.JPG

 I opplæringa vert det lagt vekt på:

  • At utgangspunktet for opplæringa er eleven sine ressursar, og utvikling av desse
  • Deltaking og medvirkning.
  • Partnarskap og likeverd.
  • Myndiggjering av eleven sine ønskjer, behov, interesser, meiningar og erfaringar.
  • At den den voksne skal vere ein ressurs i eleven sitt arbeid med å finne eigne ressursar.

Undervisninga på Kvardagsliv er forankra i eit humanistisk menneskesyn. Den tar utgangspunkt i teoriar om "salutogenese" og "empowerment". Empowerment fokuserer på å utvikle  styrke og meistring hos eleven, og legg vekt på å legge til rette for at eleven deltar aktivt. Anerkjenning av korleis eleven opplever sine eigne val, dei vala dei gjer, står sentralt. Salutogenese fokuserer på å framheve og anerkjenne individet sine ressursar, verdiar og interesser. Empowerment og salutogenese er såleis  teoriar som utfyller og forsterkar kvarandre.

Avdelingsleiar HTH - Kvardagsliv
Profilbilde av Reidun Mangersnes Moe

Reidun Mangersnes Moe

Send e-post