Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Naturbruk - arbeidstrening

Spesialundervisning med opplæring i lita gruppe HTA (arbeidslivstrening). Opplæringa er praktisk retta for at elevar skal få kompetanse til å kunne meistre tilrettelagt arbeid på ein ordinær arbeidsplass eller i ei arbeidsmarknadsbedrift.

Arbeidstrening ved Stend vgs er eit utdanningsløp som fører fram til grunnkompetanse.

Mål om grunnkompetanse vil seie at opplæringa tar utgangspunkt i dei faga eller delar av faga som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført i staden for eit vitnemål. Ordninga krev enkeltvedtak om spesialundervisning.

Arbeidstrening er eit utdanningsløp som legg vekt på praktisk arbeid og utvikling av sosial kompetanse. Utdanninga passer for elevar som ikkje kan gjere seg nytte av eit ordinært opplæringstilbod, og som treng ein heilskapleg individuell opplæringsplan. 

Målet for opplæringa

På arbeidstrening er målet at elevane skal kvalifisere seg til eit fremtidig varig tilrettelagt arbeid eller eit tilrettelagt arbeid i ordinær virksomhet

Slik arbeider vi:

Som elev på arbeidslivstrening på Stend får du:

  • Ein praktisk og aktiv skulekvardag
  • Meiningsfulle arbeidsoppgåver knytt til treverkstad, dyr, gartneri og handtverk, og på skulen sitt eige vaskeri
  • Nærkontakt med små og store dyr
  • Fysisk aktivitet, for eksempel på Stend Fitness og i Bjarghallen
  • Et opent og utforskande læringsmiljø
  • Arbeidsutprøving i vekstbedrift eller liknande
  • Deltaking i felles aktivitetar på skulen med ulike klasser

 

Vaskeri_brette stretclaken.jpg

Vi jobbar for at den enkelte elev skal:

  • Oppleve eit personlig ansvar i forhold til å sin eigen læringssituasjon
  • Oppleve at skulen har fokus på han eller henne
  • Oppleve ein tydeleg struktur og tydelege rammer og vilkår
  • Utvikle sosial kompetanse som er nødvendige som arbeidstakar
  • Sjå sine eigne ressurser og moglegheiter
  • Videreutvikle dei grunnleggjande dugleikene, som lesing, skriving og regning, ikt
  • Førebu seg til eit arbeidsliv som vaksen
  • Videreutvikle sin relasjonskompetanse, og utvikle vennskap til sine medelevar
  • Videreutvikle sine sosiale og kommunikative dugleiker

 

Mohairgeit.JPG