Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Sal, service og reiseliv

Er du serviceinnstilt og liker å hjelpe folk? Då kan Sal, service og reiseliv vere noko for deg. Du går to år på skule før du held fram som lærling i ei bedrift. Utdanninga fører fram til fagbrev. Du kan òg ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Vi tilbyr:

På Stend vil du få ei praktisk retta opplæring, i ein aktiv skulekvardag.

Vg1 er felles for dei som vel service og samferdsel.

På Stend kan du søke deg vidare inn på Vg2-kursa:

  • Salg og reiseliv
  • Sikkerhet og administrasjon
Søk skuleplass Sjå filmen om service og samferdsel på Stend

Kvifor Sal, service og reiseliv?

God kundebehandling, kunnskapar om lover og forskrifter og evna til å være løysingsorientert er sentralt i sal, service og reiseliv. Du skal representere bedriften, og må difor vere høfleg, omgjengeleg og innstilt på å yte service. Du må difor like å ha med andre menneske å gjere. Du må kunne vise respekt for ulike kulturer, tradisjonar og etiske normer.

Utdanningsprogrammet  fører fram til yrke i eit breitt spekter av servicebransjar, frå sal til tryggleik. Sjå vilbli.no  for meir informasjon:

vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetal
Fag Timetal Vg1 Timetal Vg2
Administrasjon og økonomi 6 0
Marknadsføring og sal 6 0
Sikkerheit og transport 5 0
Prosjekt til fordjuping 6 8
Engelsk 3 2
Kroppsøving 2 2
Matematikk 1P-Y (Praktisk) 3 0
Naturfag 2 0
Norsk 2 2
Samfunnsfag 0 3
Marknadsføring og sal 0 6
Tryggleik 0 6
Økonomi og administrasjon 0 6
Sum timetal i veka 35 35

Første året

Mattebok_web.jpg
Redigert salg.jpg

Opplæringa i felles programfag i service og samferdsel skal legge grunnlag for utvikling av kompetanse som møter framtidige krav frå næringslivet, forbrukaren og samfunnet. Den skal fremme god service og kommunikasjon knytta til drift og produksjon i verksemdene. Opplæringa skal legge til rette for samarbeid, sjølvstendig arbeid og praktisk bruk av kunnskap. Programfaga skal legge grunnlag for entreprenørskap.

På Stend vil elevane på VG1 Sal, service og reiseliv ha noko praksis knytt til gardsbutikken. Mykje av teorien vil bli kobla mot læringsarenaene.

Andre året

Penn og papir.jpg
selger.jpg

På vg2 på fordjupar du deg i emner innan kundebehandling, tryggleiksplanlegging og økonomistyring i varehandel og tenesteleveransar.

Programfaget marknadsføring og sal handlar om salsprosessar basert på kunnskap om varer, tenester og etiske normer for salsarbeid. Du lærar korleis du kan skape gode relasjonar i gjennomføringa av salsprosessar. Marknadsføring dreier seg om ulike forhold som påverkar tilbod og etterspørsel av varer og tenester i ulike marked.

Tryggleik handlar om planlegging, administrering og organisering av tryggleiksarbeidet i ei verksemd. Regelverk for systematisk helse-, miljø- og tryggleiksarbeid, og dei etiske normene som gjeld for dette arbeidet inngår i programfaget. Vidare dreiar programfaget seg om vurdering av risiko, iverksetting av tiltak og ivaretaking av restrisiko ved hjelp av beredskapsplanar.

I økonomi og administrasjon lærer du om økonomistyring og kvalitetskontroll i verksemder, og om sentrale administrative arbeidsprosessar og kontorfunksjonar. Berekning av prisar på varer og tenester i ulike marked, budsjettering, vurdering av lønnsemd og likviditet, og føring av rekneskap inngår og i programfaget.

På vg2 vil elevane på Stend få praksis knytt til skulen sin gardsbutikk, og gjennom utplassering i bedrifter.

ut i lære

Etter 2 år i skule kan du søke læreplass i godkjende lærebedrifter.

 Vil du vite korleis du søker læreplass, kva bedrifter som er godkjende lærebedrifter eller vil søke læreplass kan du bruke lenkjene under.

kontakt oss

Avdelings leiar Tine Omdal Laskemoen, telefon 99716796.

tine.omdal.laskemoen@vlfk.no