Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Yrkesretting og utplassering

På naturbruk legg vi vekt på at opplæringa skal vere relevant for eleven, både no og med tanke på kva dei vil møte i yrkeslivet.

Yrkesretting i opplæringa

Vi yrkesretter opplæringa gjennom å bruke eksempel frå yrkeslivet, i teori- og praksis. Vi har god kontakt med ulike bransjar for samarbeid og besøk, og elevane har gode moglegheiter for utplassering i bedrifter.

Utplassering

På Vg1 kan elevane vere utplassert ein dag i veka. Elevar på anleggsgartnar er utplassert i fleire periodar gjennom året. På Vg2 er alle utplassert i ein 3-vekers periode. Då kan du ha praksis i bedrifter i utlandet eller i Noreg. Dei som ønskjer det kan i tillegg vere i bedrift ein dag i veka i faget prosjekt til fordjuping.

Vi bruker vårt store kontaktnett for å finne den riktige bedriften til deg. Gjennom utplassering blir du kjent med ulike yrke og arbeidsplassar. Dette gir deg nyttige erfaringar, samtidig som du knytter kontaktar for framtidig arbeid eller læreplass.

Utplassering i utlandet?