Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Yrkesretting og utplassering

På naturbruk legg vi vekt på at opplæringa skal vera relevant for eleven, både no og med tanke på kva du vil møte i yrkeslivet.

Yrkesretting i opplæringa

Etter Vg2 kan du ta fagbrev eller studiekompetanse. Vi legg vekt på at opplæringa skal vera relevant for deg, både no og med tanke på kva du vil møte i yrkeslivet. Vi yrkesrettar opplæringa ved å ha mykje praksis i våre flotte læringsarenaer og med å dra på utferder og besøk. Du får arbeide tett på dyr, natur, menneske og verkelegheita.

Vi har god kontakt med ulike bransjar for samarbeid og besøk og elevane har gode moglegheiter for utplassering i bedrifter.

Ut av klasserommet. Innta naturen. Bilde av hund i naturen.

Utplassering

Gjennom utplassering vert du kjend med ulike yrke og arbeidsplassar. Du får nyttige erfaringar, samtidig som du knyter kontakt for framtidig arbeid eller læreplass. Vi brukar det store kontaktnettet vårt for å finne den rette bedrifta til deg. Gjennom utplassering blir du kjent med ulike yrke og arbeidsplassar. Dette gir deg nyttige erfaringar, samtidig som du knyter kontaktar for framtidig arbeid eller læreplass.

Utplassering i utlandet er aktuelt medan du går Vg2 på Stend! Stend har utplasseringsbedrifter og skular i England, Sverige og Danmark som med glede tek imot elevane våre. Kostnadane for deg som elev er minimale fordi du kan søke våre Erasmus+ stipend innan EU eller få støtte frå skulen til  reise og opphald. Dette gir alle sjanse til å få masse ny kunnskap og nye opplevingar! Les meir ved å trykke på knappen under.

Utplassering i utlandet?