Vg3 Dyrefag
Lærlingeordninga er ein fantastisk sjanse til å få løn samstundes som du får verdifulle erfaringar i eit utviklande arbeidsmiljø. Du får òg ein anerkjend kvalifikasjon!
Vg2 Hundefag og Vg2 Dyrehelse fører til Vg3 Dyrefag. Du kan velje å søke på mange spanande læreplasser med den spesialiseringa du ønskjer!
Her er nokre døme:
- Dyreklinikk
- Dyrebutikk
- Dyrepark
- Førar av tenestehund i Forsvaret, humanitære organisasjonar eller andre verksemder
- Hundeskular og hundepensjonat
- Hundefrisør
- Forsøksdyravdeling
- Rehabilitering eller andre helsetilbod for dyr
- Opplevingsturisme med hund
- Inn på tunet eller andre liknande tilbod med dyr
Fordelane med å bli lærling er nesten endelause, men her er nokre:
- Få betalt: få lønn i lærlingetida!
- Få erfaringer frå det verkelege livet: Som arbeidstakar får du verdifull arbeidserfaring og livserfaring
- Få ein anerkjend kvalifikasjon: Fagbrev er anerkjend og respektert over heile verda
- Lær spesifikke jobbferdigheiter: Bygg ein solid CV og gjer deg bemerka overfor framtidige arbeidsgivarar
- Gode jobbsjanser: Nesten to tredeler av alle lærlingar får arbeide vidare på lærlingeplassen etter avslutta læretid. 4 av 5 har jobb etter fem år.
Foto av hund som blir heist ombord: Emil Wenaas Larsen / Forsvaret