Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Vg2 Dyrehelse

Dyrehelse er linja for deg som vil ha helse og omsorg for dyr som yrke! Gjennom praksis med mange ulike artar vil du lære spesifikke yrkesoppgåver knytta til å pleie, fôre og stelle dyr. Gjennom fleire veker med utplassering får du prøve deg i dyrefaget i Norge eller utlandet. Heile klassen reiser dessutan ei veke på studietur.

Vg2 Dyrehelse er designa for deg som har ambisjonar om å spesialisere deg til assistent i veterinærklinikk, zoohandel eller liknande. Studiet siktar særskilt mot yrke som leverer tenester og produkt for stell, omsorg og pleie av dyr. Utdanninga gir deg breie kunnskapar og ferdigheiter som kvalifiserer deg til å arbeide innan dyreklinikkar, dyrebutikkar og dyreparkar og andre yrke som krev særskilt kompetanse for å ta vare på ulike dyreartar.

Etter Vg2 kan du velgje to løp

  • Fagbrev: To år i lære i ei verksemd i dyrefaget der du går opp til fagprøva og får fagbrev
  • Studieførebuande: Ta Vg3 Påbygg og deretter søke høgare utdanning innan veterinærmedisin, dyrepleie, biologi, zoologi, etologi, forvaltning, forsking eller anna.

Kva lærer eg?

På Vg2 Dyrehelse får du grunnleggjande kompetanse i dyrefaget og lærer artskunnskap, helse, velferd, sjukdom, hygiene, smittevern og rutinar. Du kan bruke kunnskapen din på ei rekkje dyreartar!

Klassen startar ei ungdomsbedrift som tilbyr tenester eller produkt til vanlege folk, gjennom til dømes å invitere eldresenter til smådyravdelinga, ha open dag der barnehagebarn får lære om dyra på Stend, arrangere barnebursdag eller anna. Slik får du øve deg på å tilretteleggje for gode møter mellom dyr og menneske. For å få grunnlag til å vere profesjonell i ungdomsbedrifta får du opplæring og øving i:

Dyrelære og aktivitet

  • Biologi og domestisering
  • Etologi, åtferd og læring
  • Ontogeni og sosialisering
  • Dyrevelferd
  • Helse
  • Førstehjelp og sjukdomslære
  • Reproduksjon og avl
  • Fordøyelse og ernæring
  • Anatomi og fysiologi

Entreprenørskap og drift

  • Bedriftsetablering og drift
  • Økonomi, marknadsføring og kvalitet
  • Rettleiing og kundebehandling
  • Helse, miljø og tryggleik
  • Sikkerheit og risikovurdering i arbeid med dyr
  • Hygiene og smittevern
  • Etikk
  • Lover og reglar
  • Dyr-menneske interaksjonar

 

 

Eit gjennomgåande fokus er respekt for dyra sin eigenverdi, og korleis du kan vurdere om dyra også har glede av aktivitetar og interaksjonar. Studiet har gjennomgåande vitenskapelige metoder som grunnlag.

Last ned komplett fagplan

Smådyravdelinga

Smådyravdelinga er den største i Norge. Vi har alle artar som er vanlege i zoohandel, frå gnagarar og kaniner, papegøyer og andre eksotiske fuglar, til akvariefisk og reptil. Vi har også særskilt utstyr og kompetanse til å lære deg om forebyggande helsearbeid, førstehjelp, sjukdomslære, anatomi mm.

Smådyravdelinga har store, flotte flygebur til fuglane, spanande og miljøberika innhegningar til gnagarar og kaniner, flotte akvarier og naturlege terrariar til reptila. Du er med å halde ved like, byggje og berike dyremiljø, har dagleg interaksjon med dyra og lærer mykje om kvar art sine særskilte behov.

Korleis er ei vanleg veke?

To heile dagar i veka har du programfag i smådyravdelinga. Frå omlag oktober til april driv du ungdomsbedrift i skuletida. For å få kundane til å komme til smådyravdelinga marknadsfører du og klassen det de kan tilby på avdelinga.

Ein dag i veka har du utplassering i ei aktuell verksemd. Vi ynskjer å tilby deg ei fordjupning som fører deg i den yrkesretninga du ser for deg. Vi har eit stort nettverk og mange utplasseringsplassar i dyreklinikk og dyrebutikk. Nokre elever ynskjer å ha utplasseringa si andre stader, som dyrepark eller rehabilitering.

Dei to andre dagane har du fellesfag.

Kvar får eg jobb?

Som dyrefaglært jobbar du i ulike typar dyreverksemder med helse- og omsorgstilbod, formidling og rettleiing, sal av produkt til dyr eller opplevingar med dyr. Du kan til dømes bli:

  • assistent på dyreklinikk eller i andre helsetilbod
  • medarbeidar i dyrebutikk
  • dyrepassar i dyrepark
  • medarbeidar i forsking på dyr

Du kan òg vidareutdanne deg til å bli dyrepleiar, veterinær, zoolog, biolog, etolog, forskar eller innan annan tverrfagleg kompetanse.

Korleis søkjer eg?

For å søkje på Vg2 Dyrehelse på Stend velgjer du "Vg2 Heste- og dyrefag" på Vigo. Du får i ettertid eit spørjeskjema frå skulen om kva slags fordjupning i programfag du ønskjer. Då svarer du Vg2 Dyrehelse.

Kva trengs av meg?

For å bli god i dyrefag må du ønskje å jobbe med både dyr og menneske. Yrker i dyrefag krev mykje av deg når det kjem til kommunikasjon med kundar og oppdragsgjevarar. Du må like å arbeide i skiftande miljø med høgt tempo, tole litt skit, ha eit godt blikk og evne til observasjon. Du bør vera omsorgsfull, audmjuk og god til å samhandle. Alt dette kan du trene på i lag med medelevar og lærarar på Stend Dyrehelse!

Bli ein del av dyreteamet, du òg!