Vg1 Friluftsliv
Friluftsliv er eit perfekt utdanningsval for deg som vil ha studiekompetanse, og samtidig ha ein aktiv og variert skulekvardag.
På Vg1 friluftsliv fokuserer vi på basisferdigheiter innan friluftsliv. Du får lære, og øve på, dei grunnleggande ferdigheitene du treng for å klare deg ute heile året. Du får vere med på tradisjonelle former for bruk av naturen som sauesanking og jakt, til mer moderne former for friluftsliv gjennom klatring, kajakk og coasteering. Når snøen kommer i fjellet, spenner vi på oss fjellskiene og du får gjere deg kjent med vinterfriluftslivet.

I løpet av et skoleår har vi ca. 10 overnattingsturer, med varigheit på 2-5 dager. Ca. 30 døgn på tur, i tillegg til dagsturer og dagsaktiviteter.
Kva lærer eg?
Du får kunnskap innan emne som kart og kompass, bål, førstehjelp, å overnatte ute under ulike forhold og mykje meir. Du tar ulike kurs som brattkort, våttkort, jegerprøve, metodekurs coasteering, DNT`s grunnleggende turlederkurs og båtførarprøve.

Her ser du ein grovplan for korleis friluftsliv året er for elevane
Korleis er ei vanleg veke?
To heile dagar med friluftsliv som programfag.
Ein dag i veka har du YFF (yrkesfaglig forjuping) eller fordjuping i matte og naturfag. I YFF får du anledning til å øve og lære enda meir om friluftsliv. Fordjuping i matte og naturfag gjev moglegheit til å ta spesiell studiekompetanse.
Store delar av undervisninga skjer med naturen som læringsarena, i skulens nærmiljø eller til lands og til vanns i Vestlandsnatur.
Dei to andre dagane har du fellesfag.

Korleis søker eg?
For å søkje på Vg1 Friluftsliv på Stend velgjer du "Vg1 Naturbruk med friluftsliv" på Vigo.
Vegen vidare
Dei som går på Vg1 Friluftsliv fortsetter vanlegvis på Vg2 Friluftsliv på Stend.
Målet er vanlegvis generell eller spesiell studiekompetanse.
Kva trengs av meg?
Dersom du;
- liker å være ute
- liker utfordringar
- liker å lære sammen med andre
- er åpen for å lære nye ting, men også kan dele av det du kan fra før
- ønsker å yte så godt du kan
ja, da har du alle forutsetninger for å trives her hos oss!
