Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Vg1 Dyrefag

Vil du arbeid med dyr og dyreeigare? Når du vel å arbeide med dyr må du ha eit godt dyreauge, varmt hjarte og lett kunne prate med dyreeigare og kollegaer. På Stend får du jobbe med mange ulike dyreslag. I Noregs største smådyravdeling lærer du handtering, fôring og stell av selskapsdyr, hund og katt. Du lærer også trening av hund, språk og åtferd og om dyrevelferd og dyrehelse. Vg1 Dyrefag fører vidare til Vg2 Hundefag eller Vg2 Dyrehelse.

Vg1 Dyrefag er designa for deg som har ambisjonar om å arbeide med hund, katt, selskapsdyr, zoodyr eller dyr i nytte og teneste. Utdanninga gir deg breie kunnskapar og ferdigheiter som kvalifiserer deg til å arbeide innan dyreklinikk, dyrebutikk, dyrehage, hundeskule, tenestehund, forsøksdyravdeling eller andre verksemder i dyrefaget.

Etter Vg1 Dyrefag kan du velje mellom to spesialiseringar i programfag:

  • Vg2 Hundefag
  • Vg2 Dyrehelse

Etter Vg2 kan du velje to løp.

  • Fagbrev: To år i lære i ei verksemd i dyrefaget der du går opp til fagprøva og får fagbrev.
  • Studieførebuande: Ta Vg3 Påbygg og søkje høgare utdanning innan veterinærmedisin, dyrepleie, biologi, zoologi, etologi, forvaltning eller anna.

Kva lærer eg?

På Stend får du arbeide med ei rekke dyreslag. I den største smådyravdelinga i Norge lærer du handtering, fôring og stell av selskapsdyr; som gnagarar, kanin, papegøyefuglar, finkar, akvariefisk og reptil. På hundeavdelinga, som også er størst i Norge, lærer du om hundar og hundefag. Som eksempel kan nemnast trening av hund, språk og åtferd, utstyr, tryggleik og handtering. Eit gjennomgåande fokus i utdanninga er respekt for dyra sitt eigenverd, og korleis du kan vurdere om dyret også har glede av aktivitetar og interaksjonar.

Målet med studiet er at du utviklar kompetanse for yrkesarbeid med dyr. Du lærer praktisk handtering, stell, omsorg og pleie av dyr. Dyrevelferd og dyrehelse er sentrale tema i studiet, der du både lærer kva helse og velferd faktisk er og korleis du kan fremje det hos dyr. Det er også nyttig å vite at som dyrefaglært arbeider du tett med ulike kundegrupper, og ikke sjeldan arbeidar du meir med folk enn direkte med dyr.

Sentrale oppgåver er å:

  • utøve fagleg forsvarleg og omsorgsfullt stell og pleie av dyr
  • arbeide med helsefremmande og førebyggjande tiltak for fysisk og mental velferd for dyr
  • levere kvalitetssikra opplevingar, tenester og produkt til oppdragsgivar og kunder
  • yte kundeservice gjennom kommunikasjon, rettleiing og instruksjon
  • drifte og vedlikehalde til dømes dyreklinikkar, dyrebutikkar, hundeverksemder eller dyreparker
  • tilegne deg ny kunnskap og ny teknologi i arbeid knytta til dyr
  • ta hand om god hygiene og gode smittervernsrutinar
  • journalføring, dokumentasjon og rapportering

Studiet har gjennomgåande vitenskapelige metoder som grunnlag.

Last ned komplett fagplan

Korleis er ei vanleg veke?

To dager i veka har du programfag i avdelingane og litt i klasserom. Du er då innom alle avdelingane: smådyr, hundeavdelinga, stall og ridehall, fjøs, inn på tunet, gartneriet og gardsbutikken. Her får du innføring i dyreslaga, jobbar med å halde ved like anlegget og utviklar artskunnskap. Du lærer å stelle og handtere dyr på ein sikker måte og å ta vare på velferda og helsa til dyra. Du lærer å trene hund, får ei grunnleggjande forståing for samspelet dyr-menneske og lærer deg å tolke åtferd og språk. I øvingane er du i ei lita gruppe på om lag 8-10 elevar.

Ein dag i veka har du fordjuping i dyrefaget (YFF), for eksempel i smådyr, spesialsøk med hund, dyrehelse, fjøs eller stall. Dette er kjekke dagar der du er i ei lita gruppe og du får fullt fokus på å bli skikkeleg god i eitt fagområde.  


Kvar får eg jobb?

Som dyrefaglært jobbar du i ulike typar verksemder som tilbyr opplevingar, tenester og produkt knytta til dyr. Det kan vera formidling og rettleiing, sal av produkt eller omsorg- og helsetilbod. Du kan for eksempel bli:

  • assistent på dyreklinikk
  • medarbeidar i dyrebutikk
  • førar av tenestehund
  • instruktør på hundeskule
  • dyrepassar i dyrepark
  • medarbeidar i forsking på dyr

Samfunnet vil i tida framover ha stort behov for deg som ønskjer å arbeide innan dyrefag og du vil verta ein attraktiv arbeidssøkjar.

Korleis søkjer eg?

For å søkje på Vg1 Dyrefag på Stend velgjer du "Vg1 Naturbruk med heste- og dyrefag" på Vigo. Du får i ettertid eit spørjeskjema frå skulen om kva slags fordjupning i programfag du ønskjer. Då svarer du Vg1 Dyrefag.

 

Kva trengs av meg?

Når du vel å arbeide med dyr må du ha eit godt dyreauge, varmt hjarte og lett kunne prate med dyreeigare og kollegaer. Du må like å arbeide ute i skiftande miljø, ha eit godt blikk og ha evne til observasjon. Du som vel dyrefag bør vera omsorgsfull, flink til å kommunisere og god til å samhandle. Alt dette kan du trene på i lag med medelevar og lærarar på Stend!

Bli ein del av dyreteamet, du òg!