Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Studiekompetanse

På Stend Naturbruk legg vi til rette for at du kan velje dei faga du treng for å nå måla dine.

Tre år på Stend Naturbruk gir deg ein praktisk og aktiv skulekvardag samtidig som du kan ta studiekompetanse. For å få studiekompetanse må du gå allmennfagleg påbygg det tredje året. Dei fleste tar generell studiekompetanse som opnar for å søkje på dei fleste høgskular og universitet.

Nokre studiar krev spesiell studiekompetanse. Dette gjeld for eksempel veterinær, dyrepleiar og ulike realfagsstudiar. På Stend kan du få spesiell studiekompetanse ved å ta meir matte, naturfag og realfag. Vi tilbyr mattekursa R1 og R2, og realfaga Kjemi 1 og 2.

Krav til studiekompetanse på ulike studier finn du på samordna opptak.