Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Internasjonalisering

Naturbrukselevar har fleire moglegheiter for eit opphald i utlandet! Stend tilbyr utplassering, Vg2 i utlandet og internasjonale prosjekt med utveksling og reiser.

Internasjonalt miljø

Stend har fleire internasjonale samarbeid og prosjekt og det er stadig besøk frå skular og spanande miljø frå utlandet. Elevene kan engasjere seg i prosjekta og få reise på utveksling til ein skule i eit anna europeisk land.

Utplassering

Utplassering i utlandet er aktuelt medan du går Vg2 på Stend! Stend har utplasseringsbedrifter og skular i England, Sverige og Danmark som med glede tek imot elevane våre. Vi er òg med i eit stort nettverk gjennom Europeamed samarbeidspartnarar i 26 land. Nokre gonger finn vi heilt nye utplasseringsstader saman med elevane våre.

Kostnadane for deg som elev er minimale fordi du kan søke våre Erasmus+ stipend innan EU eller få støtte frå skulen til reise og opphald. Dette gir alle sjanse til å få masse ny kunnskap og nye opplevingar!

Les ein tidligere artikkel om utplassering på fantastiske Raystede i Sør-England.

Vg2 i England

Stend har eit formelt samarbeid med ein stor naturbruksskule i York i England. På Askham Bryan College kan du gå VG2 friluftsliv, hestefag, dyrehelse, dyrefag for selskapsdyr og zoodyr og endå fleire fag. Du bur på skulen medan du studerer. Undervisninga skjer for det meste på engelsk, men nokre av faga går på norsk.

Året er godkjent av Lånekassa i Norge og inngår som Vg2 i utdanningsprogram for naturbruk. Kontakt rådgjevar dersom du er interessert i å vite meir!

Askham Bryan - bilde av dyreavdelinga