Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Vg1 og Vg2 Hestefag

Hestefag er linja for deg som vil inn i hestenæringa! Gjennom praksis med hest vil du lære spesifikke yrkesoppgåver knytta til hestekunnskap, stallarbeid og aktivitetar med hest. Gjennom fleire veker med utplassering får du prøve deg i dyrefaget i Norge eller utlandet. Heile klassen reiser dessuten ei veke på studietur.

Hestefag er retta mot deg som har ambisjonar om å spesialisere deg til fagarbeidar innan tilrettelegging av mange ulike aktivitetar med hest. Studiet siktar særskilt mot hestefagyrker som leverer tenester og produkt til hestehald, aktivitetstilbod for fritid, helse og omsorg, friluftsliv, turisme og pedagogisk arbeid med hest. 

Etter Vg1 og Vg2 kan du velje to løp

  • Fagbrev: To år i lære i ei verksemd i hestefaget der du går opp til fagprøva og får fagbrev
  • Studieførebuande: Ta Vg3 Påbygg og deretter søke høgare utdanning innan veterinærmedisin, biologi, zoologi, etologi, forvaltning, forsking eller anna.

 

Kva lærer eg?

På Vg1 og Vg2 får du grunnleggjande kompetanse i hestefaget og lærer om sikker handtering, stell, fôring, helse, dyrevelferd, sjukdom, hygiene, smittevern og rutinar. Du kan bruke kunnskapen din til ei rekkje yrker med hest!

Du vil lære å bruke hesten i køyring, riding og andre aktivitetar og i dette inngår valg, bruk, tilpassing og vedlikehald av utstyr. Du og medelevane vil ta del i kunderetta aktivitetar på skolen, som show, oppvisningar, stevner, barneriding mm. Slik får du øve deg på å tilretteleggje for gode møter mellom dyr og menneske. Gjennom drift av aktivitetar og stall lærer du om økonomistyring, kvalitetssikring, utvikling og etablering av næring med hest. 

På Vg2 går du djupare inn i faget for å få grunnlag til å arbeide profesjonelt:

Dyrelære og aktivitet

  • Biologi og domestisering
  • Etologi, åtferd og læring
  • Ontogeni og sosialisering
  • Dyrevelferd
  • Helse
  • Fôr og fôring
  • Fordøyelse og ernæring
  • Førstehjelp og sjukdomslære
  • Reproduksjon og avl
  • Anatomi og fysiologi

Entreprenørskap og drift

  • Bedriftsetablering og drift
  • Økonomi, marknadsføring og kvalitet
  • Rettleiing og kundebehandling
  • Helse, miljø og tryggleik
  • Sikkerheit og risikovurdering i arbeid med dyr
  • Hygiene og smittevern
  • Etikk
  • Lover og reglar
  • Fysisk førebygging og rehabilitering
  • Dyr-menneske interaksjonar

 

 

Eit gjennomgåande fokus er respekt for hesten sin eigenverdi, og korleis du kan vurdere om hesten også har glede av aktivitetar og interaksjonar. 

Hesteanlegget

Stend har to stallar med plass til omlag 40 hestar. Du kan leige stallplass til din private hest og på Vg1 og Vg2 inngår du i ein turnus for å drifte stallen. Les meir og søk stallplass her. Ved stallen er det opparbeidd ein stor køyre- og ridebane (40x80m), samt ein mindre bane. På hesteanlegget finn du også ein moderne ridehall med internasjonale mål (20x60m).

Du er med på å halde ved like, byggje og berike hestemiljøet, du har dagleg interaksjon med hestane og lærer om kvart individ sine særskilte behov.

Korleis er ei vanleg veke?

To heile dagar i veka har du programfag på hesteanlegget. Det meste av opplæringa skjer i praktiske øvingar i små grupper her ved skulen, men noko opplæring skjer utanfor skulen i samarbeid med andre aktørar i hestenæringa.

Ein dag i veka har du YFF. Her kan du sjølv velje mellom ulike praktiske fordjupningsfag i hest, som salmaking, rideskule, juleshow, utplassering i hestenæring og anna. Du kan også velje realfag for spesiell studiekompetanse.

Dei to andre dagane har du fellesfag.

Kvar får eg jobb?

Utdanninga gir deg breie kunnskapar og ferdigheiter som kvalifiserer deg til å arbeide innan travnæring, rideverksemd, galoppnæring, hesteturisme og fritidsaktivitetar, stutteri og andre yrke som krev særskilt kompetanse på hest.

Du kan òg vidareutdanne deg til å bli dyrepleiar, veterinær, zoolog, biolog, etolog, forskar eller innan annan tverrfagleg kompetanse.

hfk-1112693.jpg

Korleis søkjer eg?

For å søkje på Vg1 Hestefag på Stend velgjer du "Vg1 Naturbruk med heste- og dyrefag" på Vigo. Du får i ettertid eit spørjeskjema frå skulen om kva slags fordjupning i programfag du ønskjer. Då svarer du Vg1 Hestefag.

For å søkje på Vg2 Hestefag på Stend velgjer du "Vg2 Heste- og dyrefag" på Vigo. Du får i ettertid eit spørjeskjema frå skulen om kva slags fordjupning i programfag du ønskjer. Då svarer du Vg2 Hestefag.

Kva trengs av meg?

For å bli god i hestefag må du ønskje å jobbe med både hest og menneska deira. Yrker i hestefag krev mykje av deg når det kjem til kommunikasjon med kundar og oppdragsgjevarar. Du må like å arbeide utanfor vanlege arbeidstider, tole litt skit, ha eit godt blikk og evne til observasjon. Du bør vera omsorgsfull, audmjuk og god til å samhandle. Alt dette kan du trene på i lag med medelevar og lærarar på Stend Hestefag!

Bli ein del av hesteteamet, du òg!