Vg1 Dyrefag
Vil du lære om dyr? På dyrefag får du jobbe med mange ulike dyreslag. Du har øvingar i fjøset med ku, sau og høns. I Noregs største smådyravdeling lærer du handtering, fôring og stell av dyr som er vanlege i dyrebutikkar. Du er med og driv hundekennel, og er i stall og ridehall med hest. På dyrefag får du kjøre traktor, og jobbe praktisk på garden. Dyrefag handlar òg om korleis vi kan foredle produkt frå dyra som mjølk og ull, og korleis ein kan gjennomføre tenester for andre, gjennom gardsbesøk eller aktivitetar for born. Du får òg lære om korleis vi kan bruke naturen aktivt til friluftsliv, og korleis vi kan ta vare på naturen.
Etter Vg1 dyrefag vel elevane Vg2 Landbruk og gartnerinæring med dyrehelse eller Vg2 landbruk og gartnerinæring med hundefag.
For å søke Vg1 dyrefag på Stend må du søke på Vg1 Naturbruk med dyrefag på VIGO.