Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Fagval på idrettsfag

Nedanfor finn du ei liste over dei ulike faga Stend tilbyr på dei ulike trinna.

VG1 Idrettsfag:

Språk:

  • Spansk 2
  • Tysk 2
  • Fransk 2

Eleven fortset med det faget som dei har hatt på ungdomsskulen.

PS:
Elevar som ikkje har hatt framandspråk på ungdomsskulen, vel Tysk 1 eller Spansk 1 på Stend. Dette faget må dei ha i Vg1, Vg2 og i Vg3.

Valfrie programfag

  • Breddeidrett (140 t)
  • Toppidrett (140 t)
  • Matematikk:
    • Matematikk P
    • Matematikk T

Vg2 Idrettsfag:

Språk:

  • Spansk 2
  • Tysk 2
  • Fransk 2

Eleven fortset med det faget som dei har hatt på Vg1.

Valfrie programfag:

  • Breddeidrett (140 t)
  • Toppidrett (140 t)
  • Friluftsliv (140 t)
  • Matematikk:
    • Matematikk R1 (2 ekstra timar pr. veke)
    • Matematikk S1 (2 ekstra timar pr. veke)
    • Matematikk 2P

Realfag:

  • Fysikk 1 (140 t)
  • Kjemi 1 (140 t)

Vg3 Idrettsfag


Valfrie programfag:

  • Breddeidrett (140 t)
  • Toppidrett (140 t)
  • Friluftsliv 1 (140 t)
  • Friluftsliv 2 (140 t)

Matematikk:

  • Matematikk R2 (140 t)
  • Matematikk S1 (140 t)
  • Matematikk S2 (140 t)

Realfag:

  • Fysikk 1 (140 t)
  • Kjemi 2 (140 t)
  • Biologi 1 (140 t) 

Idrettsfag - obligatoriske programfag

Aktivitetslære (Vg1,Vg2 og Vg3)

Dette er eit praktisk fag som er delt inn i hovudområda idrettsaktivitetar, basistrening og friluftsliv. Desse faga skal elevane følgje over tre år. Utvikling av ferdigheit og meistring står i fokus. Det blir lagt opp til idrettar og aktivitetar i sal/hall, i vatn, på barmark og snø/is. I Vg2 og Vg3 er det mogleg å fordjupe seg i sin eigen idrett. Turar innan friluftsliv blir gjennomført alle tre åra.

Treningslære (Vg1,Vg2,Vg3)

Treningslære er i hovudsak eit teoretisk fag, men kompetansen i faget blir knytta opp mot aktivitetslære. Elevane har faget alle tre åra. Treningslære er delt inn i følgjande hovudområde treningsplanlegging, trening og helse, kroppen sin oppbygging og funksjon, treningsformer og treningsmetodar.

Idrett og samfunn (Vg2, Vg3)

Idrett og samfunn er eit teoretisk fag. Hovudområda i faga er organiseringa av idretten i Noreg, idretten i samfunnet og idretten sitt verdigrunnlag. Kompetansen i faget er nært
knytt til samfunnsfag, historie og dei andre faga i utdanningsprogrammet for idrettsfag.

Treningsledelse (Vg2, Vg3)

Treningsledelse er i hovudsak eit praktisk fag. Hovudområda i faget er trenar- og leiarrolla, leiing i praksis og arrangement. Eleven får i dette faget prøve seg som leiar og trenar, og lærer om ulike undervisningsmetodar og kommunikasjon.

Valfrie programfag på Vg1

(Kun eitt fag)

Toppidrett (Vg1,Vg2 og Vg3)

Faget opnar for at eleven kan satse på idretten sin på eit høgt nivå. Hovudområda i faget er treningsplanlegging, basistrening og ferdigheitsutvikling. For å velje dette må du ha eit godt ferdigheitsnivå i idretten din og konkurrere regelmessig.

Breiddeidrett (Vg1, Vg2 og Vg3)

Dette faget gir deg allsidig aktivitet der du skal tileigne deg kunnskapar og ferdigheiter i forskjellige idretter og aktivitetar. Hovudområder i faget er idrettsaktivitetar, basistrening, helse og fysisk aktivitet.

Andre fagtilbod

Friluftsliv 1 og 2 (Vg2 og Vg3)

På Vg2 og Vg3 kan du velje friluftsliv som valfritt programfag i staden for toppidrett eller breiddeidrett. Friluftsliv har som mål å gi gode naturopplevingar. Ved å planlegge, gjennomføre og reflektere over turar i ulike miljø, skal eleven utvikle seg personleg og flytte grensene sine.

Spansk, tysk, fransk (Vg1, Vg2) (Vg3 *)

På Stend tilbyr vi spansk, tysk og fransk som framandspråk.
* Elevar som ikkje har hatt framandspråk på ungdomsskulen må gjennomføre 5 timar spansk på Vg3, i staden for eller ved sida av topp-/breiddeidrett eller friluftsliv.