På Vg1 jobbar vi med å kome i gong med gode rutinar i treninga og skulegongen. Du får vere med fleire turar, der du blir godt kjent med dei andre elevane og lærarane dine.
På Vg1 må du ta to ulike fagval. Du må velje mellom topp- eller breiddeidrett, og mellom matematikk P eller T.
Den praktiske undervisninga fokuserer på meistring, for at du skal lukkast i å lære nye idrettar og teknikkar. Elevane på Vg1 har ei treningsøkt kvar morgon, før den teoretiske undervisninga startar.
Vi har eit mangfald av spesialistar i ulike idrettar, og skulen satsar like mykje på dei store, som på dei små idrettane.