Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Vg1 og Vg2 Anleggsgartnar

Likar du å tenkje kreativt, vurdere fargar og former i landskapet? Ønskjer du å påvirke verda rundt deg? Vil du vera ute i frisk luft heile dagen? Plant framtida di i dag – bli anleggsgartnar!

Vg1 og Vg2 Anleggsgartnar er designa for deg som har ambisjonar om å vera med å byggje og forme flotte uterom. Du formar parkar og installasjonar, driftar grøntanlegg, utformar terreng, held ved like planter og tre og legg til rette for aktiv bruk og bevaring av natur, kultur og friluftsareal. Utdanninga gir deg breie kunnskapar og ferdigheiter som kvalifiserer deg til å arbeide innan verksemder i anleggsgartnarfaget.

Etter Vg1 Anleggsgartnar på naturbruk kan du gå vidare til Vg2 Anleggsgartnar på Bygg- og anleggsteknikk.

Etter Vg2 kan du velje to løp.

  • Fagbrev: To år i lære i ei verksemd i anleggsgartnarfaget der du går opp til fagprøva og får fagbrev.
  • Studieførebuande: Ta Vg3 Påbygg og søkje høgare utdanning for å bli til dømes ingenør, arkitekt eller byplanleggar.

Kva lærer eg?

På Stend får du bruke små maskinar og byggje varige utemiljø på skulen sin varierte eigedom. Du arbeider òg inne i den nye anleggsgartnarhallen, lærer å lage murar og legge heller og belegningsstein. Du held parkar og grøntanlegg ved like og set spor etter deg ved å byggje installasjonar for aktivitetar på skulen.

Den historiske renessansehagen på Stend vart rekonstruert og drifta av anleggsgartnarar på Stend, i samarbeid med anleggsgartnarverksemder

Eit gjennomgåande fokus i utdanninga er respekt for godt handverksmessig arbeid, estetikk, kvalitet og at anlegga er tilpassa og funksjonelle.

Sentrale oppgåver er å:

  • planlegge og byggje uteanlegg
  • drifte og vedlikehalde uteanlegg
  • legge til rette for leik, fritid og idrett
  • velje rett utstyr, materiale, maskinar og redskaper
  • ta val ut frå miljø, vegetasjon og terreng
  • etablere veksestad og tilretteleggje vekstvilkår
  • sikre at anlegg er universelt utforma
  • yte kundeservice
  • levere kvalitetssikra opplevingar, tenester og produkt til oppdragsgivar og kundar
  • velje løysingar som er levedyktige, kostnadseffektive og som sparar miljøet

Korleis er ei vanleg veke?

Tre dager i veka har du programfag der du arbeider praktisk på skulen eller i nærområda til skulen. I øvingane er du i ei lita gruppe på 8-10 elevar. I tillegg får du utplassering i ei anleggsgartnarverksemd i fleire samanhengande veker gjennom året. Utplasseringa gir god førebuing til læretida.

Kvar får eg jobb?

Å være anleggsgartnar er eit urbant fag. Omlag kvar einaste kvadratmeter i ein by er bygd av ein anleggsgartnar. Det er anleggsgartnarane som byggjer vegane, møteplassene, parkane, trappene, bybanestoppa og det meste som omgir oss i byen. Faget er i vekst, og det trengst flinke fagfolk hos anleggsgartnarmeistarane og hos dei som bestiller tenesta deira. 

Du kan få jobb innan offentleg sektor og i private verksemder. Arbeidsplassen kan vera alt frå torg, parkar og leikeplasser, til større grøntanlegg ved private eller offentlige bygningar. Også industriområde, bygg- og anleggsnæringa, idrettsanlegg og kyrkjegardar kan være aktuelle arbeidsplassar. I tillegg kjem tilrettelagde rekreasjonsområde i naturen.

Om du vel anleggsgartnerutdanninga på Stend og dermed kvalifiserer deg, er du sikra læreplass. Dette har bransjen forplikta seg til ved å signere ein samfunnskontrakt med Stend VGS. Etter to år på skulen vil du få læreplass hos ei anleggsgartnerverksemd og gå i lære i to år. Når du består fagprøva vil du være ferdig utdanna fagarbeider i eit yrke med stor etterspurnad etter fagfolk.

Korleis søkjer eg?

For å søkje på Vg1 Anleggsgartnar på Stend velgjer du "Vg1 Naturbruk med anleggsgartner" på Vigo

For å søkje på Vg2 Anleggsgartnar på Stend velgjer du "Vg2 Anleggsgartner" på Bygg- og anleggsteknikk på Vigo

Kva trengs av meg?

Når du vel anleggsgartnaryrket må du like å arbeide ute i skiftande ver og årstider. Du må ha estetisk sans og vera kreativ, kunne sjå for deg korleis terrenget kan utnyttast og ha interesse for planter, jordkultur, stein- og treprodukt, utstyr og maskinar. Alt dette kan du trene på i lag med medelevar og lærarar på Stend!

Les om kvifor Emily valde å bli anleggsgartnar!