Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Skjema og planar

Her finn du samla ulike skjema  og planar som er aktuelle for elevane

Ta kontakt med skulen dersom du har spørsmål

På Stend skal elevane ha eit godt skulemiljø (Jf. kapittel 9A): 

 

Alle elevar på Stend vidaregåande skule har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Skulen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering.

Skulen skal arbeide kontinuerleg og systematisk for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane. 

Rektor har ansvar for at kapitlet blir følgt opp. Alle leiarar har ansvar for å følgje opp arbeidet på si avdeling, jf. 9A-3. Alle tilsette har ansvar etter aktivitetsplikta, jf. 9A-4.

Det fysiske miljøet ved skulen skal vere slik at det tar omsyn til tryggleiken, helsa, trivselen og læringa til elevane, jf. 9 A-7. Alle elevar har rett til ein arbeidsplass som er tilpassa behova deira.

HMS og beredskap

Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er eit viktig ledd i arbeidet med eit godt skolemiljø, og ein sentral del i opplæringa. Vi har fokus på å utvikle eit høgt medvit blant elevar og tilsette om korleis vi kan forebygge ulykker, og korleis vi skal handtere ulykker og uhell dersom dei likevel skjer.