Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elevhybel

På Stend vgs er det mange elevar som bur på hybel. Dei fleste finn hybel i det private markedet, men skulen har nokre få hyblar for utleige.

Vurderer du å flytte på hybel?

For å finne hybel i det private markedet er FINN.no ein grei stad å starte. 

Stend leiger ut hyblar til elevar i Titlestadvegen 29, Hordnesvegen 14 og Fanavegen 234. Desse kan du søkje på innan 01.juni 2021. Les informasjonen under, og bruk søknadsskjema nedst på sida.

Elevhyblar på Stend

Tilbodet er eit kollektivt butilbod til elevar ved skulen. Bustaden skal vere eit trygt butilbod der elevane har ro til kvile, og til å gjere skulearbeid. Elevar med lang reiseveg eller elevar frå andre fylker, kan bli prioritert. Dei som har hatt leigeavtale året før vil bli prioritert dersom dei har innfridd forventingane i leigeavtalen. Andre årsaker til at eleven treng å bu nært skulen kan og gje grunnlag for prioritering.

Bustadene er eit kollektivt butilbod med tre partar. Skulen har hyblar på tre ulike plassar:

  • I Titlestadvegen 29 (Stendadalen) er det eit rom som kan delast mellom to leigebuarar, og eit mindre rom med plass til ein. I tillegg er det felles stove, kjøkken og bad, i tillegg til bodar/oppbevaringsplass. Bustaden vart pussa opp i 2012, og badet i 2015.
  • I Fanavegen 234 (Smalhusbakken) er det tre soverom, felles kjøkken og bad. Bustaden vart pussa opp i 2013.
  • I  Hordnesvgen 14 (Fugladalen) er det to små rom og to store som kan deles. I tillegg er det felles kjøkken, stue og bad. Bustaden er pussa opp i 2021.

Pris

Titlestadvegen 29  og Fanavegen 234: 

  • Kr. 4.100,- inkludert straum, kommunale utgifter og trådlaust internett. Husværa er delvis møblert, inkludert kvitevarer og dekketøy. Ved deling av rommet i Stendadalen blir det gitt eit avslag på kr. 300,-

Hordnesvegen 14: 

  • Små rom: kr.4.500. inkludert straum, kommunale utgifter og trådlaust internett per person.
  • Store rom: 6.500 inkludert straum, kommunale utgifter og trådlaust internett per person.

Ved deling av dei store romma blir prisen kr 3.500 per person inkludert straum, kommunale utgifter og trådlaust internett per person.

Husværet er møblert, inkludert kvitevarer og dekketøy. 

Leigetakarane i bustaden har eit gjensidig ansvar for å utføre avtalte plikter, og for å samarbeide om å skape eit godt bumiljø. Ordensreglementet er utgangspunktet for kva forventningar vi har til elevane som leiger hybel på skulen. Det er utarbeidd eit eige reglement for hyblane, i tillegg til at skulen vil føre tilsyn ved behov. Leigeavtalen er elles som ved utleige i den private marknaden.

Reglement hybel

Det er ikkje lov å ha katt, hund eller andre kjæledyr i bustaden. Det er heller ikkje lov å bruke tobakk, drikke alkohol eller bruke andre rusmiddel i bustaden. Det skal vere ro i bustaden etter kl. 23:00 på kvardagar, og kl. 01:00 om det er skulefri dagen etter. Brot på reglementet kan føre til oppseiing av leigeforholdet med 14 dagars varsel.

Føresette må stadfeste at dei godkjenner søknaden for elevar under 18 år, og opplyse om fakturaadresse. For elevar over 18 år, oppfordrar vi eleven til å gje samtykke til kontakt med føresette ved behov. 

Søknadsskjema elevhybel