Biblioteket
På biblioteket finn du eit breitt utval av bøker og tidsskrift, og her kan du sitje i fred å arbeide med faga.
Skulebiblioteket vårt
Kantina
Kantina er open alle skuledagar mellom klokken 09.15 og 13.00. Her kan du kjøpe sunn og god frukost og lunsj. Det er og tilbod om gratis skulefrukost i kantina kvar tysdag og torsdag kl. 07:45-08:45.
Les om kantina på Stend
Stend Fitness
På Stend har vi eige treningssenter i kjellaren under den gamle gymsalen. Dette blir brukt mykje i undervisninga. Utanfor skuletid kan elevar og tilsette bruke senteret til eiga trening.
Åpningstider:
Mandag-Fredag: 0600-22.00
Lørdag: 08.00-18.00
Søndag: 09.00-21.00
Eksamen
Målet for alle elevar, og for skulen, er å vere godt førebudd til eksamen. Vi har difor laga ei side der du finn praktisk informasjon om eksamen og anna som er nyttig å vite om krav til gjennomføring av opplæringa.
Informasjon om eksamen