Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Oppvarming til Internasjonal dag 22. februar 2018 med Capoeira frå Brasil

beskåret 1.jpg

Målet for samarbeidet med Kolibri CARF er å etablere eit langsiktig samarbeid som kan skape engasjement hos elevane på Stend, samtidig som det kan bety ei stabil støtte for prosjektet i Brasil. Gjennom besøk av Capoeira-instruktørar frå Brasil har vi blitt litt betre kjent med dei som er ein del av prosjektet, og den rolla Capoeira har for dei unge i Sao Paulo.

Kolibri - Children at Risk Foundation er ei norsk stifting som gjennom samarbeid med den brasilianske stiftinga RCBF, arbeider blant barn og unge i faresona i favelaområda i Sao Paulo-regionen i Brasil. Arbeidet er retta mot oppveksten til barna i områder prega av fattigdom, vald, kriminalitet, rus. Desse områda manglar som regel offentlege tilbod innafor utdanning og helse.

Alle elevar/klasser på Stend deltar med ein aktivitet, eller fleire, i løpet av året for å samle inn pengar til CARF. I 2016/2017 samla elevane på Stend inn meir enn kr. 100.000,- til Projeto ASAS – KolibriVinger, eit prosjekt der målet er å utdanne unge som sosiale entreprenørar i lokalsamfunna.

 

IMG_9750.JPG

Som ledd i samarbeidet hadde vi i oktober/november besøk av Capoeira-instruktørar frå Brasil, slik at elevane våre fekk prøve seg i Capoeira som er ein blanding av kampsport, akrobatikk, dans og musikk. Ein av instruktørane, Tutuco, gjennomførte instruksjon i mange av gruppene våre som ein del av faga kroppsøving eller breddeidrett. Tilbakemeldingane frå elevane var at «timen med Capoeira  var gøy, unik, annerledes, lærerik og fantastisk, men også slitsom».

Tutuco og Christina.jpg

 

IMG_3152.JPG

Elevar og tilsette på Stend engasjerer seg også i år, og vil saman gjere Internasjonal dag 22. februar 2018 til ein felles aktivitet for heile skulen – i solidaritet med dei unge i Brasil. Vi håper foreldre, naboar og bedrifter i lokalmiljøet vårt tar godt i mot elevane våre når dei skal samle inn pengar til prosjektet. Dersom nokon ønsker å støtte arbeidet, for eksempel gjennom dugnadsarbeid for elevar, ta kontakt med elevinspektør Berit Karin Ø. Nilssen.

påbygg capoeira.jpg