Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Internasjonal dag 2018

edith, lars og arne.jpg

Edith i VG3 framførte ein vakker versjon av Kari Bremnes sin låt "E du nord" akkompagnert av Arne, Ken og Lars

22. februar 2018 gjennomførte vi på Stend «Internasjonal dag» for andre år på rad. Dagen er eit ledd i samarbeidet mellom Stend vgs. og Kolibri-CARF. Elevane deltok på faglege føredrag og fekk smake på rettar frå Sør-Amerika. I gymsalen hadde talentfulle elevar og tilsette sett saman eit breitt program med kultur og musikk.

Ein viktig del av satsinga på Internasjonal dag er å gi elevane kunnskap om internasjonale forhold, med mål om engasjere og skape solidaritet. Vi hadde difor besøk av føredragshaldarar frå FN-sambandet, Press-Redd Barna, Capoeiraklubben CBF og Bergen Røde Kors som delte av tida og kunnskapen sin i møte med elevane våre.

IMG_3328.JPG

Elevane kunne velje mellom ulike aktivitetar i den faglege delen av dagen, og Suelen Rolland frå Kolibri-CARF kunne tilby eit intensivkurs i brasiliansk dans. Her var det god innsats, og god stemning!

 

Magnus med mat.JPG

Dei tilsette på kantina hadde laga til smaksprøver på både salt og søtt. Magnus Eldøy og andre lærarar hjelpte til med serveringa. 

 

IMG_3314.JPG

I gymsalen viste elevar og tilsette fram talent innan song, musikk, turn m.m. Som avslutning på programmet fekk Elin Sebjørnsen alle på golvet i ei lita zumba-økt for å mjuke opp stive hofter. 

 

fornøyde musikere.jpg

På Internasjonal dag fekk mange elevar vist fram kva dei kan, i eit godt samarbeid med engasjerte tilsette. Heine Bringe (til venstre) losa oss trygt gjennom programmet, og oppfordrar elevar som har lyst å vise fram ulike talent, til å melde seg til neste arrangement. 

klar til start.JPG

Som avslutning på dagen gjennomførte VG2 idrett sponsorløp med målgang i skuletunet. Elevar og tilsette var ivrig heiagjeng, og elevane gjennomførte runde på runde. Her er dei klare til start! 

 

Alle elevane på Stend har gjennom året hatt ulike innsamlingsaktivitetar, og vi ventar no spent på resultatet av kor mykje ungdommane på Stend kan dele med dei unge i Brasil. Dei tilsette viste atter ein gong den gode dugnadsinnsatsen som er eit kjenneteikn på Stend, og deltok på ulike måtar i gjennomføringa av dagen. 

Mange av elevane våre har gjort ein kjempejobb med å samle inn pengar til Kolibri CARF, men få har vore så ivrige som vg1 friluftsliv: "CARF jobber for en utrolig god sak. Det er viktig å gjøre en innsats for andre. Vi har ressurser og overskudd til å hjelpe andre i en situasjon vi selv ville ønsket hjelp. I etterkant sitter vi igjen med en god følelse og samvittighet."

Elevane hadde ein god dag som gav inspirasjon og ei oppleving av fellesskap, og vi takkar dei tilsette som gjorde ein kjempeinnsats! Sist, men ikkje minst, vil vi takke Kolibri CARF for godt samarbeid!