Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Open gard laurdag 31. januar

Gutt i traktor
Martinius og pappa Odd Petter var to av dei som nytta høvet til å prøve traktoren på "Open gard" på Stend vidaregåande skule 31. januar 2015.

Om lag 1600 besøkte skulen då Stend vidaregåande skule arrangerte Open gard laurdag 31. januar.

Endeleg var publikum  igjen invitert til Open gard på Stend, og elevar og tilsette var godt førebudde på å få besøk.

billettkø.JPG

Til trass for litt grått vær, var det mange som stilte seg i billettkø for å få med seg det skulen kunne by på av aktivitetar på Open dag.


På programmet sto mellom anna bamsesjukehus, agilityoppvising, riding, prøving av traktor, møte med små og store dyr og mykje meir. Det var sal av mat og drikke fleire stader, og gardsbutikken var sjølvsagt open.

Vietnamesiske Pinnedyr vekker stor interesse.JPG

Dei vietnamesiske pinnedyra var blant det som vekte interesse på avdelinga for selskapsdyr.

 Vi takker alle som besøkte oss for at de kom, og håper de hadde ein god dag. 

Inntektene frå dagen går rett i klassekassene til dei elevane som deltar, denne gongen var det vg1 og vg2. Pengane kjem godt med til turar og ekskursjonar.

Neste "Open gard" blir arrangert 25. april, velkommen igjen då!