Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Kvardagslivstrening

Målet med kvardagslivstrening er å trene elevane til å meistre ein framtidig tilrettelagt arbeids-, bu- og fritidssituasjon.

Kvardagslivstrening er tilrettelagt for elevar med større hjelpebehov enn andre. Målet er å trene elevane  til å meistre ein framtidig tilrettelagt arbeids-, bu- og fritidssituasjon, og opplæringa skal kvalifisere for eit sjølvstendig liv med minst mogleg hjelp.

Hos oss lærer vi å halde heimen rein og ryddig. Vi lærer enkel matlaging på skulekjøkken og vi legg stor vekt på fysisk aktivitet og nyttar ofte turområda i nærleiken. I tillegg har vi tilgang til å jobbe i bygghall, og vi har kroppsøving i flotte lokaler i lokalmiljøa sine idrettshallar. Vi øver mykje på kommunikasjon og samhandling, og er du glad i musikk så får du òg høve til å praktisere interessa i eigne musikktimer.

Mykje av opplæringa går på ting elevane allereie kan, men som dei treng å bli meir sjølvstendige på. Tryggleik og trivsel er også viktig hos oss. Det gir elevane ei god sjølvkjensle, som igjen gjer dei meir sjølvstendige.

Elevane har ulike føresetnader og ulike mål for utdanninga. For nokre elevar vil det difor vere aktuelt å bli utplassert i tilrettelagt arbeid i ei verksemd.
For andre, som til dømes skal ha ein ordinær arbeidsplass på eit dagsenter eller arbeidssenter etter avslutta vidaregåande opplæring, kan det vere aktuelt å trene på daglege gjeremål og ulike formingsaktiviteter. Skulen samarbeider med ulike verna bedrifter, arbeidssenter og dagsenter i nærområdet til elevens heimstad. Elevane blir etter eitt til to år utplassert i bedrift eller starter eit tilvenningsprogram til arbeidssenter og dagsenter. Skulen tilpassar opplæringa til dei aktivitetane det forventes at elevene får i arbeidslivet.

Har du barn, eller er du sjølv ein elev som ønskjer å gå i tilrettelagt klasse, så ta kontakt med oss for meir informasjon om kva slags tilbod som kan passe. 


NB! Søknadsfristen for tilrettelagte grupper er 1. februar.
Dette tilbodet finn du på skulestad Sund.