Arbeidslivstrening vg1 restaurant- og matfag
Eit tilbod for elevar som treng ekstra oppfølging og tilrettelagd utdanning.
Arbeidstrening og livsmestring
Avdelinga gir tilpassa opplæring i grupper med redusert elevtal, såkalla kvardagstrening og livsmeistring. Vi har gruppe med 4 til 6 elevar.
Livsmestring
Tilrettelagt for elevar med store hjelpebehov, og med rett til omfattande spesialundervisning. Målet er at elevane skal få betre kompetanse til å meistre ei framtidig tilrettelagt arbeids-, bu- og fritidssituasjon. Målgruppa er elevar som har behov for eit varig tilrettelagt omsorgstilbod, t.d. dagsenter.
Arbeidstrening
For elevar med fremtidig behov for tilrettelagt arbeid, t.d. i vekstbedrift. Dei har rett til spesialundervisning og treng tett oppfølging med tanke på å trene ferdigheiter som er viktige i arbeidslivet og i ein fremtidig busituasjon.
Under opplæringa tar vi for oss:
- Mat og kosthald; kantinearbeid
- Friluftsliv, offentleg transport-trening, utedagar med uteskule
- Livsmeistring, personlege hygiene, klokketrening, hybelmat og sosialt samspel
- Lesing, skriving, rekning, engelsk
- Samfunnsfag
Vi legg til rette for at elevane skal kome med innspel, og kvar enkelt elev blir høyrt og forstått i samband med kva dei ønskjer å jobbe med. Dette bidrar til auka motivasjon og hjelper elevane til auka oppleving av eigenverd, til å bli sjølvstendig og ta initiativ.
NB! Søknadsfristen for tilrettelagte grupper er 1. februar.
Dette tilbodet finn du på skulestad Bildøy.
