Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Arbeidslivstrening vg1 bygg- og anleggsfag

For deg som likar å arbeide med praktiske oppgåver!

Arbeidslivstrening på vg1 bygg- og anleggsfag er eit tilbod til elevar som treng ekstra oppfølging og tilrettelegging grunna ulike funksjonshemningar.  Her er gruppene små, frå fire til seks elevar. Elevane har og ekstra oppfølging frå miljøarbeidere. Undervisninga er både teoretisk og praktisk retta.

Som elev arbeider du med praktiske oppgåver og prosjekter i bygghallen. Til dømes å byggje større leikeapparat til barnehagar, lage fuglekasser, badestamp, kvadrathytter og andre byggoppdrag tilpassa den einskilde sitt behov og føresetnader. Du får og integrert undervisning i fellesfag som norsk, engelsk, matematikk og kroppsøving.

Du har rett til å gå på skulen i inntil tre år for å få den kompetansen som trengs for å komme ut i arbeid. Når du er ferdige med opplæringa skal du kunne gå til verna arbeid i ordinært arbeidsliv eller i vekstbedrift.

Har du barn, eller er du sjølv ein elev som ønskjer å gå i tilrettelagt klasse, så ta kontakt med oss for meir informasjon om kva slags tilbod som kan passe. 


NB! Søknadsfristen for tilrettelagte grupper er 1. februar.
Dette tilbodet finn du på skulestad Sund.