Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Teknikk og industriell produksjon

Teknikk og industriell produksjon er ei yrkesfagleg utdanning. På Vg2 kan du velje mellom mange fagområde. Etter 2 år på skule er det vanleg å søke læreplass for å ta fagbrev. Både før og etter læretida kan du ta påbygging til generell studiekompetanse.

Kvifor velje Teknikk og industriell produksjon?

Er du praktisk anlagt, har godt handlag, er sjølvstendig og nøyaktig, og er
interessert i ny teknologi?

Då kan Teknikk og industriell produksjon vere faget for deg.

Les meir om faget på vilbli.no Video av 3D-printeren på skulen

Vi tilbyr

Etter Vg1 kan du ta desse faga hos oss:

  • Vg2 industriteknologi
  • Vg2 kjøretøy
Søk skuleplass

Fag og timetal

Fag og timetal
Fag Timetal Vg1 Timetal Vg2 Industriteknologi Timetal Vg2 kjøretøy
Engelsk 3 0 0
Kroppsøving 2 2 2
Matte 3 0 0
Naturfag 2 0 0
Norsk 2 2 2
Samfunnsfag 0 3 3
Dokumentasjon og kvalitet 4 4 4
Produksjon 6 6 0
Reperasjon og vedlikehald 0 4 0
Tekniske tenester 3 0 0
Verkstedarbeid 0 0 10
Prosjekt til fordjuping 5 6 6
Sum timetal per veke: 30 27 27

Første året

_DsC8498.jpg

Vg1 teknikk og industriell produksjon

På Vg1 får du ein introduksjon til dei viktigaste arbeidsmetodane innan fagområdet. Du lærer å teikne, sveise og du får opplæring i maskiner som fres, dreiebenk og CNC-maskin (ein datastyrt fres).

 Felles programfag dette året er:

  • Dokumentasjon og kvalitet
  • Produksjon
  • Tekniske tenester
Læreplan for Vg1 Teknikk og industriell produksjon

Andre året

_MwF1314.jpg

Vg2 industriteknologi

Industriteknologi er eit av dei breiaste yrkesfaga, og gir moglegheiter til å gå ut i lære på mange fagområde. 

Her lærer du å skjere, kutte, sage, sveise, frese og mykje anna etter arbeidsteikningar. Vi brukar mykje tid i verkstaden for å gi deg eit best mogleg utgangspunkt før læretida.

Skulen sitt gode samarbeid med bedrifter og opplæringskontor innan fagområde bidrar ofte til lærekontraktar for elevane våre. Du vil også kunne få knytte deg kontaktar med arbeidsgjevarar gjennom fire veker praksis i året.

Læreplan for Vg2 Industriteknologi
_DsC8466.jpg

Vg2 kjøretøy

I dette faget vil du lære alt du treng å vite om bil og motor. Vi tilbyr opplæring i fine verkstadslokale med oppdatert utstyr. Her får du kjennskap til nyare bilar sine motorar, mekanikk og elektronikk då vi via våre samarbeidspartnere i næringslivet får tilsendt dei nyaste modellane på markedet.

Du kan spesialisere deg innan lette kjøretøy, tunge kjøretøy, motormekanikarfaget, motorsykkelfaget og reservedelsfaget i læretida i bedrifter. 

I løpet av skuleåret får du fire veker praksis ute i bedrift.

Læreplan for Vg2 Køyretøy

Vegen vidare

Etter to år i skule kan du søke læreplass i godkjente lærebedrifter.

Om du ikkje vil søke læreplass etter Vg2 kan Påbygg til generell studiekompetanse vere eit alternativ. Då kan du få studiekompetanse og moglegheit til å studere vidare på høgskule/universitet.

Bli lærling Søk læreplass

For meir informasjon

Rådgjevar
Profilbilde av Reidun Vågenes Aase

Reidun Vågenes Aase

Send e-post

Velg teknikk og industriell produksjon!

Kva kan du bli etter studiet?