Satsing på robotteknologi
Robotteknologi er framtida. Noe er robotane også kome inn i undervisninga på teknologilinja!
Sotra vgs er ein av to skular i landet som tilbyr studietilbodet Studiespesialisering med teknologifag. No tar teknologilinja inn robotteknologi i undervisninga.

Desse robotane er bygga av byggesett. Her må elevane kople på automatikk, elektronikk og byggje roboten stabil nok til å gjere det den er tenkt til å gjere.
Vi kjøpte inn to byggesett til robotar som vi tok i bruk allereie våren 2017, og har planar om å auke talet i åra som kjem.
Totalt vil linja investere i utvikling i robotteknologi over dei to neste åra.
Vi må henge med i tida og vi ser elevar med interesse for programmering, IT-teknologi, medisin og forskning som søkjarar. Robotteknologi vil gje linja ei meir spanande samansetning av elevar, håpar vi. Er du ein av desse?
Elevane skil seg ut som arbeidssøkjarar
Elevane har allerede nå rullerande kurs i 3D-teknologi, robotteknologi, elektrofag, teknikk og industriell produksjon og forsking. Etter endt utdanning får elevane eit kursbevis dei kan leggje ved søknadar.
Høgskulen i Bergen uttrykkjer at elevar frå teknologilina hos oss skil seg ut frå andre studentar, då dei har større kjennskap til det praktiske tilknytta yrket dei skal inn i. Vi kjenner og til at fleire elevar har fått kursa frå oss godkjende som verkstadspraksis i militæret.
Elevane skal også i løpet av kvart studieår byggje eigne innovative prosjekt som dei skal stille ut på Energimessa, ei årleg utstilling skulen arrangerer saman med elevar ved barne- og ungdomsskulane i regionen på vårparten.
Robotar vil etter kvart bli ein naturleg del av denne utstillinga på teknologomessa på Straume.