Vg1 studiespesialisering med teknologifag
På vg1 studiespesialisering med teknologifag så følger du undervisning som vanleg på vg1 studiespesialisering. I tillegg får du undervisning i verkstad, der du lærer å bruke maskinar og anna utstyr for å sveise, frese og kople straum.
Du vil og få tilgang til eige teknologiverkstad der du når som helst i skuletida kan øve deg i praktiske prosjekt.
Du vil i tillegg få introduksjon i 3D-printing på skulen sine 3D-printarar. Målet er at kunnskapane du får i desse timane skal gje deg eit godt grunnlag for å lage større prosjekt i Vg2 og Vg3.
I løpet av skuleåret vil du også få høve til å dra på bedriftsbesøk til ulike bedrifter i nærmiljøet.
På våren deltar alle elevar på teknologilina på ei større energimesse saman med næringslivet i vest, der dei knyt kontaktar med, og får nytt inspirerande påfyll frå, næringslivet.
Elevane øver seg også på å vere kreative, nytenkjande, problemløysande og til å arbeide saman. Dette er kunnskap næringslivet spør etter, også kalla "entreprenøriell kompetanse".