Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Studiespesialisering

Ønskjer du å studere ved universitet eller høgskule? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Kvifor velje Studiespesialisering?

Kunne du tenkje deg å studere på høgskule/universitet? Likar du teoretiske fag? Då er studiespesialisering noko for deg.

På Vg2 vel du mellom to ulike programområde

Her kan du, alt etter kva programområde du vel, fordjupe deg innan humanistiske fag, lære kritisk tenking og fagleg refleksjon, fordjupe deg innan samfunnsfag, historie, markedsføring, språk, rettslære og mykje meir.

Les meir om faget på vilbli.no

Vi tilbyr

Etter Vg1 Studiespesialisering kan du velje mellom:

  • Vg2 Språk, samfunnsfag og økonomiske fag
  • Vg2 Realfag

Vi er også ein av to skular i landet som har ei teknologilinje. Studiespesialisering med teknologifag er ei spesiell linje for deg som ønskjer å fordjupe deg i realfaga allereie frå Vg1.

Desse tilboda har vi på avdeling Bildøy.

Søk skuleplass Generell/Spesiell Studiekompetanse

Fag og timetal

Fag og timetal
Fag Timetal Vg1 Timetal Vg2 Timetal Vg3
Norsk 4 4 6
Engelsk 5 0 0
Matte 5 3 0
Samfunnsfag 3 0 0
Geografi 2 0 0
Framandspråk 4 4 0
Kroppsøving 2 2 2
Historie 0 2 4
Religion 0 0 3
Programfag til val 0 15 15
Naturfag 5 0 0
Verkstedsfag (kun for teknologilina) 2 2 2
Sum timetal per veke: 32 32 32

Første året

_DsC8253.jpg
_DsC8329.jpg

Vg1 studiespesialisering

Det første året legg vi vekt på å skape gode rutinar og eit godt klassemiljø. Av den grunn er det og to kontaktlærarar i kvar klasse dette året. 

Fag

Du får ei innføring i faga norsk, samfunnsfag, geografi, naturfag og engelsk. 

I tillegg vel du enten 1P-matte (praktisk matte) eller 1T matte (teoretisk matte).  Matematikk 1P er den enklaste varianten av matematikk og kan anbefalast for deg som slit med matematikken. 

Framandspråk

Du skal også starte på språkopplæring på eit høgare eller lågare nivå. For deg som ikkje har hatt framandspråk i ungdomsskulen eller ønskjer å ta eit anna språk enn det du hadde på ungdomsskulen tilbyr vi:

  • Tysk 1

For dei som vil halde fram med språket dei hadde på ungdomsskulen tilbyr vi:

  • Spansk 2
  • Fransk 2
  • Tysk 2
Læreplan for Vg1 Studiespesialisering

Andre året

_DsC8339.jpg
_MwF0868.jpg
_DSC8183.jpg

Vg2 studiespesialisering

I vg2 studiespesialisering har du fellesfaga norsk, historie og kroppsøving,  samt framandspråket du starta på i vg1, medan resten av faga er fag du sjølv kan velje i ei lang liste med fagtilbod.

Du treng:

  • Matematikk 2P (den enklaste matematikken), matematikk S1 (samfunnsfagleg matematikk) eller matematikk R1(realfagleg matematikk) og
  • Tre programfag der du skal halde fram med to av dei på Vg3.

Val av programfag for Vg2 blir gjennomført på våren i Vg1, eller ved skulestart på Vg2 om du er ny elev på skulen.

Du som er elev på Vg2 og Vg3 studiespesialisering hos oss kan også ta topp- og breddeidrett i Sotra Arena som programfag.

Programområde

Realfag

Dette er faget for deg som er interessert i problemstillingar og spørsmål knytt til natur og miljø, matematikk, teknologi, samfunn og fenomen i dagleglivet.

Læreplan for Vg2 Realfag

 

Språk, samfunnsfag og økonomi 

Er du opptatt av å bli kjent med ulike språk og kulturer? Ønskjer du å følge med i samfunns - og miljøspørsmål og har interesse for politiske og økonomiske forhold? Då er dette faget for deg.

Læreplan for Vg2 Språk, samfunnsdag og økonomi

 

Teknologilinja

Vi tilbyr også Vg2 studiespesialisering med teknologifag som ein av to skular i landet. 

Tredje året

_MWF_1250.jpg
ImG_0841.jpg

Vg3 studiespesialisering

Her har du fellesfaga historie, norsk, religion og kroppsøving. I tillegg skal du fordjupe deg i minst to av programfaga du valte på Vg2 innan programområdet ditt.

Du skal også velje eit tredje programfag, som kan vere frå andre programområde. Vi tilbyr eit bredt utval fordjupingsfag i både Realfag og Språk, samfunnsfag og økonomiske fag. 

Har du ikkje hatt framandspråk i ungdomsskulen må du også ha det dette året (eit fjerde obligatorisk fag). 

På slutten av skuleåret kjem alle elevar opp til eksamen i norsk hovudmål. I tillegg blir du trukke ut i to skriftlege og ein muntlig eksamen.

Vi tilbyr og Vg3 studiespesialisering med teknologifag, som ein av to skular i landet. 

Læreplan for Vg3 Realfag

 

Læreplan for Vg3 Språk, samfunnsfag og økonomi

Vegen vidare

Utdanningsprogrammet fører fram til generell eller spesiell studiekompetanse, som gir deg grunnlag for å søkje dei fleste studiar ved høgskular og universitet.

Utdanning.no Samordna opptak

 

For meir informasjon