Vg1 service og samferdsel
Første året får du opplæring i programfaga drift og oppfølging, planlegging og kommunikasjon og service. I desse faga vil du lære mykje om administrative oppgåver, marknadsføring og økonomi. Bruk av IKT står sentralt i arbeidet innan alle faga. Ein dag i veka er alle elevar i arbeidspraksis i faget Prosjekt til fordjuping. Då vel du ein arbeidsstad du interesserer deg for og ønskjer å læra meir om.
Skulen sine faglærarar er engasjerte og jobbar for å gjere deg som elev godt førebudd til læretida og eit seinare arbeid. Vi har eit godt samarbeid med det lokale næringslivet og bruker lokale butikksentre og bedrifter i undervisninga. Dette kjem elevane til nytte i Prosjekt til fordjuping og ved ekskursjonar og bedriftsbesøk.
Læreplan for Vg1 Service og samferdsel