Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Restaurant- og matfag

Restaurant- og matfag er ei yrkesfagleg utdanning. Det er vanleg å gå 2 år på skule og deretter bli lærling i 2 år for å ta fagbrev. Du kan ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje Restaurant- og matfag?

Er du interessert i matlaging, kosthald og ernæring? Likar du å tilberede og servere mat? Då kan Restaurant- og matfag vere faget for deg.

Dette er ei yrkesfagleg utdanning som fører frem til heile 12 ulike fagbrev.

Du kan lese meir om dei ulike retningane på opplæringskontora si nettside.

Du vil lære om kosthald, næringsmidlar og ernæring, om tilbereding og servering av mat, korleis du skal behandle råvarer, mat og drikke og mykje meir.

Opplæringskontoret Les meir om faget på vilbli.no

Vi tilbyr

Etter Vg1 Restaurant- og matfag kan du ta Vg2 Kokk og servitør her på skulen vår.

Vi har også Vg1 Restaurant- og matfag for tilrettelagte grupper.

kokkbeskjært.jpg

Fag og timetal

Fag og timetal
Fag Timetal Vg1 Timetal Vg2
Engelsk 3 2
Norsk 2 2
Matte 2 0
Naturfag 2 0
Kroppsøving 2 2
Samfunnsfag 0 2
Kosthald og livsstil 0 0
Råstoff og produksjon 5 0
Prosjekt til fordjupning 3 5
Bransje, fag og miljø 4 0
Kosthald, ernæring og helse 0 4
Råvarer og produksjon 0 7
Service, bransje og miljø 0 4
Sum timetal per veke: 23 28

Første året

_DsC8120.jpg

Vg1 restaurant og matfag

På vg1 restaurant- og matfag lærer du grunnteknikkar med kutting og koking, å lage enkle matrettar, å bake og meir. Dette året arbeider du mykje på kjøkken, og har teoriundervisning utanom.

Du arbeider med mange prosjekt både på skulen og utenom, til dømes med å arrangere julebord for skulen sine elevar og tilsette.

Du vil vere mykje ute i praksis i bedrifter i løpet av skuleåret.

Læreplan for Vg1 Restaurant- og matfag

Andre året

_DSC_8097.jpg
Middag til straxhuset.jpg

Vg2 kokk og servitør

På Vg2 Kokk og servitør bygger du vidare på det du har lært i Vg1 Restaurant- og matfag.

Du vil være mykje ute i praksis i bedrifter i løpet av skuleåret. Du vil og lære å starte opp og drive din eigen  ungdomsbedrift.

Felles programfag dette året er:

  • Kosthold, ernæring og helse
  • Råvarer og produksjon
  • Servering, bransje og miljø


I prosjekt til fordjupning vel du om du vil arbeide som kokk eller som servitør. 

Kokkefaget

Du vil du lære å lage matretter av ulike slag slik at du kan gå ut i lære som kokk.

Servitør

Du lærer korrekt oppdekking, kundebehandling og rett serveringsmetode/teknikkar slik at du blir godt rusta til læreplassar som servitør.

Læreplan for Vg2 Kokk og servitørfag

Vegen vidare

Etter to år i skule kan du søke læreplass i godkjente lærebedrifter.

Om du ikkje vil søke læreplass etter Vg2 kan Påbygg til generell studiekompetanse vere eit alternativ. Og med studiekompetanse kan du gå vidare på universitet/høgskular.

Bli lærling Søk læreplass

For meir informasjon

Rådgjevar
Profilbilde av Reidun Vågenes Aase

Reidun Vågenes Aase

Send e-post

Kva kan du bli etter restaurant- og matfag?