Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Toppidrett tilbud

Toppidrett tilbud

Toppidrett Sotra vgs tilbyr skulen toppidrett fotball, toppidrett håndball, toppidrett turn og dans, breiddeidrett fitness og breiddeidrett ball. Toppidrett er eit satsingsområde ved skulen, og blir tilbudt elevar på alle trinn på Idrettsfag og på Vg2 og Vg3 studiespesialisering.

Tilbodet er svært populært, og har stor tilsøking. Elevar som spelar på regionalt, nasjonalt eller internasjonalt nivå har høve til å søke om å få ekstrapoeng til å konkurrere seg inn på idrettsfag. Dette vil sikre talenta eit fortrinn ved inntak. Idrettslina på skulen er svært populær.

Om idretten er fokuset ditt, bør du velje ei idrettsfagleg linje.Om det er studiespesialisering som er målet, så vil ein kunne velje dette hos oss og i tillegg kunne velje toppidrett på Vg2 og Vg3. Og hugs at både Idrettsfag og Studiespesialisering gir studiekompetanse og dermed rett til å studere vidare på høgskule/universitet.

Toppidrettstilbodet er eit tilbod for begge studietilbod, Studiespesialisering, men elevar som søkjer seg inn på Vg1 idrettsfag vil i tillegg til dette programfaget ha 196 timar per skuleår med idrettsrelaterte fag som studiespesialiserande elevar ikkje vil få ta del i. Dette gjev ei heilt anna idrettsfagleg fordjupning enn studiespesialisering med idrettsfag vil gje elevane.

Lærarane ved skulen ønskjer velkomen til aktive skuleår!