Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elektrofag

Elektrofag er ei yrkesfagleg utdanning. Det betyr at du går 2-3 år på skule før du søker læreplass. Lengda på utdanninga varierer noko avhengig av kva lærefag du vel. Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kunne du ha tenkt deg ei praktisk utdanning med utfordrande arbeidsoppgåver? Elektrofag er eit av dei viktigste yrka som skal til for å få eit moderne samfunn til å fungere.

Vi tilbyr

  • Vg1 elektrofag
  • Vg2 elenergi
  • Vg2 automatisering
  • Vg3 automatiseringsfaget

Dette tilbudet finn du på skulestad Bildøy.

Søk skuleplass Meir om elektrofag

Elektrofag er spennende 

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall VG1 Timetall  VG2 automatisering Timetall VG2 elenergi Timetall VG3 automatiseringsfaget
Sum timetal per veke: 28 27 26 28
Engelsk 2 2 2 0
Kroppsøving 2 2 2 2
Matte 2 0 0 0
Naturfag 2 0 0 0
Norsk 2 2 2 0
Samfunnsfag 0 2 2 0
Automatiseringssystemer 4 9 4 18
Data- og elektronikksystemer 6 0 3 0
Elenergisystemer 3 4 6 4
Prosjekt til fordjuping 5 6 5 0
Mekanisk arbeid 0 0 0 4

Første året

_MWF1163.jpg

Vg1 elektrofag

På elektrofag er kan du blant anna lære å byggje stereoforsterkarar, montere ljos og varme, antenneanlegg, porttelefonar, brannalarmanlegg og ringeanlegg. Du lærer å kopla automatiserte motoranlegg og bruke simuleringsprogram på data. 

Elevar på vg1 har praksis i bedrifter i  i løpet av det første skuleåret.

Inntakskrav: Norsk grunnskule eller liknande.

Læreplan vg1 elektrofag

Andre året

_DSC8146.jpg

Vg2 elenergi

På vg2 elenergi lærer du å arbeide med elektriske lågspenningsanlegg, elektrisk utstyr og elektriske installasjonar som blir brukt til distribuering og forbruk av elektrisk energi. Dette kan gjelde både bustadhus og andre bygningar, samt industri og store installasjonar. Du lærer teori om korleis ein produserer elektrisk energi i ein kraftstasjon, og korleis ein fører strøm fram til brukaren.

Det er vanleg å søke læreplass etter fullført vg2. Læretida fram mot fagprøven er 2,5 år.

Inntakskrav: Bestått vg1 elektrofag

Kompetanse etter endt vg2: Fullført og greidd opplæring gir grunnlag for å teikne lærekontrakt. Du kan og velje å søkje vg3 påbygging til studiekompetanse.

_MWF1124.jpg

Vg2 automatisering

Automatiserte system og høgt kvalifiserte fagarbeidarar innanfor automasjon er viktig for at vårt høgteknologiske samfunn skal fungere optimalt. På vg2 automasjonsfaget får du betre system- og utstyrsforståing og heilskapstenking, samt forståing for sikkerheit. 

Inntakskrav: Bestått vg1 elektrofag

Kompetanse etter endt vg2: Fullført og greidd opplæring gir grunnlag for å teikne lærekontrakt. Du kan og velje å søkje vg3 påbygging til studiekompetanse.

 

Læreplan vg2 elenergi
Læreplan vg2 automatisering

Tredje året

_MWF1137.jpg

Vg3 automatiseringsfaget

Automatiseringsfaget krev eit tredje skuleår før du kan søke læreplass. Faget omfattar drift, vedlikehald og montasje av automatiserte system. Dette er system som blir brukt til kontroll, styring og regulering av automatiserte produksjonsprosesser og elektromekaniske system.

Dette er eit nesten reint praktisk kurs. Undervisninga går føre seg tverrfagleg og studietida går for det meste med til praktisk opplæring.

Du kan søkje læreplass etter vg3 automatiseringsfaget. Læretida er 1,5 år. Vg3 automatiseringsfaget finn du på skulestad Bildøy.

Inntakskrav: Vg2 automatisering

 

IMG_0841.jpg

Vg3 påbygg

Etter bestått Vg2 yrkesfag kan du velje å gå ut i to år læretid og få fag/sveinebrev eller byggje på med eit år for å få generell studiekompetanse. Du kan og velje å ta vg3 påbygg etter gjennomført fagbrev. Dersom du har bestått Vg2 yrkesfag og har ungdomsrett har du rettmessig krav på å få gå vidare på Vg3 påbygging ut året du fyller 24 år.
Det er først og fremst for deg som ønskjer å gå vidare med høgare utdanning.

Vg3 påbygg tilbyr vi ved skulestad Sund.

Inntakskrav: Vg2 yrkesfag

Kompetanse: Bestått Vg3 påbygging gir generell eller spesiell studiekompetanse.

Læreplan for vg3 påbygg

Vegen vidare

 

Etter to år i skule kan du søkje læreplass i godkjente lærebedrifter. Vil du vite korleis du søkjer læreplass, kva bedrifter som er godkjende lærebedrifter eller vil du søkje læreplass kan du bruke lenkjene under. Dei aller fleste av våre elevar får lærlingeplass etter to år på skule.

Om du ikkje vil søkje læreplass etter vg2 kan påbygg til generell studiekompetanse vere eit alternativ. Men ver merksam på at du òg kan søkje dette etter å ha tatt fagbrev. Har du ungdomsrett er påbygg etter fagbrev ein rettighet ut året du fyller 24 år.

 

Bli lærling Søk læreplass

For meir informasjon

Avdelingsleiar Profilbilde av Einar Friis

Einar Friis

Send e-post 57305182
Rådgjevar Profilbilde av Reidun Vågenes Aase

Reidun Vågenes Aase

Send e-post

Se video om elektrofag!

Velg yrkesfag!