Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Design og handverk

Design og handverk er ei yrkesfagleg utdanning. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære eller ta læretida på skule. Du kan òg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Er du kreativ?  Her får du jobbe med tradisjonsrike handverksfag heilt frå idé til ferdig produkt. Vi tek i bruk harde og mjuke materiale, og førebur deg på eit stort spekter av fagutdanningar.

Med fagbrev kan du arbeide innan ei rekkje yrkje.

Vi tilbyr

  • Vg1 design og handverk
  • Kryssløp til vg2 barne- og ungdomsarbeidar

Dette studietilbodet finn du på skulestad Sund.

Søk skuleplass Meir om design og handverk

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall VG1
Sum timetal i veka: 27
Engelsk 2
Kroppsøving 2
Mattematikk 3
Naturfag 2
Norsk 2
Kvalitet og dokumentasjon 4
Produksjon 8
Prosjekt til fordypning 4

Første året

_DSC7841.jpg

Vg1 design og handverk

På vg1 vil du få ei innføring i teknikkar og arbeidsmetodar du kan byggje vidare på når du vel din fordjupning på vg2.

Du vil få grunnleggande opplæring i basiskunnskapar som teikning, fargelære, form og funksjon og arbeid med ulike materialar og handverksteknikkar både analogt og digitalt.
Du vil og gjennom ulike kurs på skulen og gjennom praksis ute i bedrift få kjennskap til interiør, trearbeid og klesdesign, samt kurs i frisøryrket.

Inntakskrav:  Norsk grunnskule eller tilsvarande.

Andre året

_MWF0820.jpg

Vg2 design og handverk

På vg2 vel du sjølv den yrkesretninga du ynskjer å spesialisere deg i.
Dei ulike yrkesretningane er fordelt på fleire skular. Hjå oss har me diverre ikkje tilbod om vg2-fordjupningar innan design og handverk, men du har moglegheiter til å krysse over til vg2 barne- og ungdomsarbeidar hjå oss.

Sjå vilbli.no si oversikt over fordjupningsfag. Ei oversikt over kvar du finn dei ulike studia finn du på vigo.no.

Inntakskrav: Greidd vg1 design og handverk eller tilsvarande

Kompetanse etter endt vg2: Fullført og greidd opplæring gir grunnlag for å teikne lærekontrakt i ei rekkje yrke. Du kan og søkje vg3 påbygg og få studiekompetanse.

Tredje året

IMG_0841.jpg

Vg3 påbygg

Etter bestått Vg2 yrkesfag kan du velje å gå ut i to år læretid og få fag/sveinebrev eller byggje på med eit år for å få generell studiekompetanse. Du kan og velje å ta vg3 påbygg etter gjennomført fagbrev. Dersom du har bestått Vg2 yrkesfag og har ungdomsrett har du rettmessig krav på å få gå vidare på Vg3 påbygging ut året du fyller 24 år.
Det er først og fremst for deg som ønskjer å gå vidare med høgare utdanning.

Vg3 påbygg tilbyr vi ved skulestad Sund.

Inntakskrav: Vg2 yrkesfag

Kompetanse: Bestått Vg3 påbygging gir generell eller spesiell studiekompetanse,

Læreplan for vg3 påbygg

Vegen vidare

Etter to år i skule kan du søkje læreplass i godkjente lærebedrifter. Vil du vite korleis du søkjer læreplass, kva bedrifter som er godkjende lærebedrifter eller vil du søkje læreplass kan du bruke lenkjene under. Dei aller fleste av våre elevar får lærlingeplass etter to år på skule.

Om du ikkje vil søkje læreplass etter vg2 kan påbygg til generell studiekompetanse vere eit alternativ. Men ver merksam på at du òg kan søkje dette etter å ha tatt fagbrev. Har du ungdomsrett er påbygg etter fagbrev ein rettighet ut året du fyller 24 år. 

Søk læreplass Bli lærling

 

For meir informasjon

Avdelingsleiar Profilbilde av Ingvill Rabben Dypevik

Ingvill Rabben Dypevik

Send e-post 57305108
Rådgjevar Profilbilde av Bente Kalve

Bente Kalve

Send e-post

Sjå video om Design og handverk

Kva slags yrke fører studiet føre til?