Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Bygg- og anleggsteknikk

Bygg- og anleggsteknikk er ei yrkesfagleg utdanning. Det betyr at du går 2 år på skule før du begynner som lærling i ei bedrift. Du kan i tillegg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje Bygg- og anleggsteknikk?

Har du pågangsmot, godt humør, er kreativ, har arbeidslyst og kunne tenke deg ei utdanning med teori og praktisk arbeid? Då er Bygg- og anleggsteknikk faget for deg.

Her lærer du å byggje og vedlikehalde bygningar og anlegg og du får ein kvardag med varierande arbeidsoppgåver i ulike miljø.

Les meir om faget på vilbli.no

Vi tilbyr

Etter Vg1 Bygg- og anleggsteknikk kan du ta Byggteknikk på Vg2 her hos oss. Dette faget har vi på avdeling Sund.

Vi gir deg opplæring i moderne og godt utstyrte lokale, og du kan få delta i samarbeidsprosjekt med andre skular utanlands. Vi har engasjerte og høgt utdanna lærarar og eit nært samarbeid mellom skule og bedrifter.

Søk skuleplass

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetal VG1 Timetal VG2
Engelsk 2 2
Kroppsøving 2 2
Matematikk 2 0
Naturfag 2 0
Norsk 2 2
Samfunnsfag 0 3
Produksjon 9 9
Teikning og bransjelære 4 4
Prosjekt til fordjuping 6 7
Timetal per veke: 29 29

Første året

_MwF0917.jpg

Vg1 bygg- og anleggsteknikk

I løpet av skuleåret vil du få ei innføring i dei forskjellige yrkesretningane utdanningsprogrammet inneheld. Mykje av dette går føre seg på skulen, men ein må også rekne med å måtte oppsøkje bedrifter for å få den nødvendige kunnskap ein treng.

Du vil lære om produksjon, oppføring, ombygging og vedlikehald av bygningar og anlegg. Opplæringa i felles programfag i byggteknikk legg vekt på utforming, produksjon og vedlikehald av konstruksjonar.

Læreplan Vg1 Bygg- og anleggsteknikk

Andre året

_DsC7895.jpg

Vg2 byggteknikk

På Vg2 tek du skrittet vidare i den retning du ynskjer å byggteknikk omfattar produksjon, oppføring, ombygging og vedlikehald av bygningar og anlegg. Hos oss kan du på spesialisere deg i følgande yrke:

  • Betongfagarbeidar
  • Murar
  • Stillasbyggar
  • Tømrer

Opplæringa i felles programfag i byggteknikk legg vekt på utforming, produksjon og vedlikehald av konstruksjonar. Det blir lagt vekt på praktisk arbeid og tverrfaglege arbeidsoppgåver.

Læreplan Vg2 Byggteknikk

Vegen vidare

 Etter to år i skule kan du søke læreplass i godkjente lærebedrifter.
Om du ikkje vil søke læreplass etter Vg2 kan Påbygg til generell studiekompetanse vere eit alternativ. Du får då studiekompetanse og kan gå vidare på universitet/høgskule. Du kan også ta Påbygg til generell studiekompetane etter at du ha tatt fagbrev.

Søk læreplass Bli lærling

 

FOR MEIR INFORMASJON

Velg bygg- og anleggsteknikk!

Kva slags yrke fører studiet fram til?