Generell studiekompetanse
Me tilbyr faga du treng for å få generell studiekompetanse som vaksen, eller etter 23/5-regelen. Du kan søkje opplæring i eitt eller fleire fag. Dei som har ståkarakter i faga fra før, får ikkje plass som elever hos oss i dei same faga. Du treng 6 fag for å få generell studiekompetanse. Dei 6 faga er: norsk, matematikk, engelsk, naturfag, historie og samfunnsfag. Opplæringa går over 2 år. Undervisning er 2 dager i veka på dagtid.
Skuleåret 20/21
- Historie, samfunnsfag, engelsk og naturfag
Skuleåret 21/22
- Norsk og matematikk
Undervisning og læremiddel er gratis for alle som får plass.