Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Service- og samferdsel

Service- og samferdsel er ein yrkesfagleg utdanning som kan føre fram til fagbrev. Utdanninga er tilrettelagt for vaksne som ønsker å kombinere jobb og utdanning.

Fagtilbod

Fagtilbod hausten 2020

Oppstart hausten 2020. Utdanninga går på kveldstid over eitt år.

Du kan søke fram til 1. mai på fag som ikkje er fullteikna. Les meir om korleis du søker.

Vi prioriterer søkarar med vaksenrett, men alle kan søke, Vi tek atterhald om nok søkarar med vaksenrett. Du må søke innan 1. april for å vere sikker på at søknaden blir handsama i tide.

Undervisning i logistikk for voksne ved Sotra. Foto

Logistikkoperatør og salsfaget vg3

 Dette er eit kurs for deg med fleire års relevant erfaring innen logistikk og salg. Kurset gjev opplæring i teorien du må ha for å få fagbrev i logistikk og salsfaget. Noko av undervisninga vert gjeve saman og noko kvar for seg, der undervisninga då vert spissa mot ditt fag.
 
Undervisninga vert avslutta med teorieksamen på vg3 nivå. Ynskjer du det, kan du følgje undervisninga i begge faga.
 
Lærlinger kan også søkje desse faga.

  • Varigheit: 1 år, oppstart i august 2020
  • Tid:1-2 kveldar i veka
  • Kursstad: Bildøy

Alle fagtilbod i Vestland

Dersom du ikkje kan finne faget du ønsker på sidene våre kan du undersøke om det finst ved eitt anna senter. Vi har fem Senter for vaksenopplæring i Vestland, lokalisert i Bergen, Sotra, Stord og Voss. Liste over alle fag i Vestland kan du finne via lenka nedanfor.