Helse- og oppvekstfag / helsearbeidarfag Vg1 og Vg2
Hausten 2020 startar vi full opplæring i helsearbeidarfaget på Vg1 og Vg2. Opplæringa rettar seg mot søkarar utan arbeidserfaring og kan føre fram til fagbrev som helsefagarbeidar. Det vert gjeve undervisning i både studieretningsfag og fellesfag på Vg1 og Vg2-nivå. Etter to år kan du søke om læreplass, du har sjølv ansvar for å søke læreplass.
- Varigheit: 2 år på skule, 2 år i lære
- Tid: tre gongar i veka på dagtid
- Opptakskriterier: Må ha fullført grunnskule
Søker bør vere på nivå B1 i norsk. Det er krav til engelsk på grunnskulenivå. - Kursstad: Sotra Arena / Sund