Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Søk utdanning

Vaksne kan søke om vidaregåande utdanning og realkompetansevurdering.

Kva fag kan eg søke?

Her finn du alle fagtilboda i Vestland. Kontakt oss om du ikkje kan finne faget ditt på lista.

Kan eg søke?

Vi prioriterer søkarar med vaksenrett, men alle kan søke. Vi tek atterhald om nok søkarar med vaksenrett.

Når kan eg søke?

Du kan søke fram til 1. mai 2020 på fagtilbod som ikkje er fullteikna.

Ver merksam på at nokre opplæringstilbod kan vere fullteikna og difor ikkje ope for søking. Informasjon om dette kan du finne på fagsidene.

Du kan søke i søkebasen vigo.no..

Grunngjevinga for å utvide tida for søking er at vaksne skal få ro til å søke utdanning i ei tid der kvardagen har endra seg som følgje av tiltak for å hindre spreiing av koronavirus.

Kontakt oss direkte på epost eller telefon dersom du har spørsmål eller behov for studierettleiing.

Korleis søker eg?

  • Bruk MinID eller annan identifikasjon
  • Hugs å velje riktig fylke, fag og skule
  • Skriv kva utdanning og arbeidserfaring du har (CV)

Søknaden din blir handsama når vi får:

  • CV
  • Attestar frå arbeidserfaring
  • Vitnemål og karakterutskrifter
  • For minoritetsspråklege: Gyldig opphaldsløyve