Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Fagbrev

Har du erfaring frå eit yrke? Då kan du ta fagbrev som praksiskandidat.

Fagbrevet / sveinebrevet dokumenterer at du har fullført ei yrkesutdanning. Mange vaksne tar fagbrev som praksiskandidat, men du kan og søke full opplæring i skule og deretter bli lærling (2+2-løpet).

Du kan ta fagbrev som praksiskandidat dersom du kan:

  • dokumentere om lag 5 år med allsidig erfaring frå yrket
  • dokumentere bestått teorieksamen i lærefaget (Vg3-nivå)

Vi tilbyr gratis teoriopplæring for vaksne som fører fram til teorieksamen i lærefaget (Vg3-nivå). Vi tilbyr full opplæring i skule i utvalde fag. Sjå tilboda.

Gratis opplæring for vaksne

Du kan og lese sjølv og melde deg opp til teorieksamen i lærefaget som privatist.

Ta eksamen som privatist

Meld deg opp til fagprøve

Med bestått eksamen og relevant praksis frå yrket kan du melde deg opp til fag- eller sveineprøve. Det gjør du hos fagopplæringskontoret som og vurderer praksisen din. Fagbrev / sveinebrev får du når fagprøva er gjennomført og bestått.

Meld deg opp til fagprøve

Praksis i lærefaget

Du kan ta fag- eller sveineprøve som praksiskandidat på grunnlag av allsidig erfaring frå yrket (viser til Vg3-læreplanen). Du må sjølv skaffe deg erfaring frå yrket. Liste med godkjente lærebedrifter kan du finne på vilbli.no.

Godkjente lærebedrifter og opplæringskontor i Hordaland

Praksistida skal vere om lag 25 prosent lengre enn læretida i faget, 5 år i dei fleste faga. Den skal og vere relevant i forhold til læreplan i faget. Som praksiskandidat er du friteken for krav om fellesfag, men du kan få fråtrekk i praksistida om du likevel fullfører fellesfaga.

Fleire vegar til fagbrev

Alternative vegar til fagbrev er å

Vaksne kan ta fagbrev under ordninga full opplæring i bedrift. I denne ordninga teiknar du lærekontrakt for fire år og får opplæring i bedrifta. Undervisning i fellesfaga (norsk, engelsk, matematikk, naturfag og samfunnsfag) får du som regel på ein vidaregåande skule.

Du kan og søke plass i vanleg vidaregåande skule, men blir prioritert etter søkarar med ungdomsrett.

 

Kontakt oss

Har du spørsmål om yrkesutdanning? Send oss ei melding. Vi svarar deg så snart vi kan. Hugs å oppgi epostadresse.

Send oss ei melding