Barne- og ungdomsarbeidarfaget
Jobbar du i barnehage og ønsker å ta fagutdanning?
Vi tilbyr teorien til barne- og ungdomsarbeidarfaget på deltid. Tilbodet rettar seg mot deg som jobbar i barnehage og vil ta fagutdanning, men som har brukt opp retten til gratis vidaregåande skulegang. Undervisninga er gratis og gir deg teorien du treng for å ta fagbrev.
- Kursstad: Sotra
- Varigheit: august 2018 - juni 2019
- Frammøte: 1 - 2 ettermiddagar / kveldar i veka
Søknadsfrist: Opptaket startar 1. mai, med kontinuerleg opptak så lenge det er ledige plassar.
Kven kan søke?
- Tilsette som ynskjer å ta fagutdanning i vaksen alder, men som har brukt opp retten til gratis vidaregåande skulegang.
- For å få plass må ein vere tilsett i barnehage no, og ha omlag 5 års praksis frå barnehage, SFO eller skule. Det er ikkje eit krav til praksis frå SFO og skule dersom ein har om lag 5 års praksis frå barnehage.
Korleis søker eg?
Du kan fylle ut søknadsskjema nedanfor og sende til oss. Vi ønsker søknaden din innan 1. mai.
Søknadskjema barne- og ungdomsarbeidarfaget på Sotra (pdf)
Same skjema: Søknadskjema barne- og ungdomsarbeidarfaget på Sotra (docx)
Fagbrev som praksiskandidat
Gjennom praksiskandidatordninga får tilsette tilbod om å ta teoridelen på VG 3 i barne- og ungdomsarbeidarfaget (BUA). Bestått eksamen og godkjent praksis gir rett til å ta fagbrev som praksiskandidat. Då må du ha:
- Godkjent teorieksamen i lærefaget på Vg3-nivå
- Inntil 5 år med relevant praksis.
Tilbod om gratis utdanning
Fylkesmannen tilbyr i samarbeid med Hordaland fylkeskommune utdanning som fører fram til fagbrev i Barne- og ungdomsarbeidarfaget. Tilbodet gjeld frå hausten 2018.
Utdanninga skal organiserast gjennom vaksenopplæringssentera til Hordaland fylkeskommune. Undervisninga er planlagt lagt til ein eller to dagar på ettermiddag / kveld i veka i tidsrommet august 2018- juni 2019.
Kontakt oss
Kontakt oss om du har spørsmål. Kontaktperson: