Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Om skulen

Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med 9 ulike programområde. I tillegg  har vi kurs for vaksne i samarbeid med offentleg og private verksemder. Vi har omlag 900 elevar og 150 tilsette.

Ein skule for framtida

Sotra vidaregåande skule er ein skule for alle elevar, enten du søkjer deg på ein studiespesialiserande retning, ein yrkesfagleg retning eller om du går for grunnkompetanse.  
Hjå oss vil du som elev stå i fokus! Vi er ein skule som har dedikerte lærarar som har tett kontakt med elevane frå første skuledag.  Vi har eit godt elevmiljø, og har fokus på samhald og fellesskap.

Skulen tilbyr:

  • Eit godt læringsmiljø med engasjerte og dedikerte lærarar
  • God rådgjeving
  • God tilpassing for den einskilde elev/kursdeltakar
  • Ei skuleleiing med tett oppfølging av læringsutbyte for elevar/kursdeltakarer.

Hjå oss skal alle elevar føle seg trygge og bli sett!

Vår verdiplattform Sjå vår skulebrosjyre Leiinga Administrasjonen

Respekt - Inkludering- Medansvar

Sotra vgs er ein skule for alle elevar

 

_MWF1258.jpg

 Skulestad Bildøy:

Skulestad Bildøy stod ferdig til bruk hausten 1978. Skulen består av hovudbygg med kantine og eige bygg for mekanisk avdeling.
All kroppsøvingsundervisning er lagt til Bildøyhallen. Skulen har vore ombygd i fleire gonger, og til skulestart august 2015 har alle realfagssaler vorte renoverte. Du finn oss på Branndalsmyra 61, 5353 Straume.

Kart til Bildøy
IMG_0910.jpg

Skulestad Sund:

Skulestad Sund ligg i vakker natur ved Skogsvågsskiftet. Skulebygget blei tatt i bruk hausten 2003 og er særs godt utstyrt. Ved skulen ligg Sundhallen og Skogsvåg stadion som våre elevar brukar.

Kart til Sund