Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Meir om fag- og sveinebrev

Du får fagbrev eller sveinebrev når du har fullført yrkesfagleg utdanningsprogram, og har vore lærling i ei verksemd.

For å få fag- og sveinebrev må du først gå på skule på eit yrkesfagleg utdanningsprogram i to år. Deretter går du normalt ut i lære i to år i ei verksemd i det yrket du spesialiserer deg i. Etter læretida er over tar du ein sveineprøve eller fagprøve.
Ved bestått får du fag- eller sveinebrev.

Viss du tar utdanning i eit handverksfag får du som regel sveinebrev.
I fag der industrien har tatt over for handverket, får du fagbrev. Med fagbrev får du tittelen fagarbeidar, eller fagoperatør. 
Det er altså dei ulike yrka du går i lære i som avgjør om du går opp til eit fag- eller sveinebrev.

kokkbeskjært.jpg