Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Grunnkompetanse

Grunnkompetanse er kompetanse på eit lågare nivå enn full yrkes og studiekompetanse

Grunnkompetanse bli gitt både i yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram.
Dersom du av ulike grunnar ikkje får full yrkes- eller  studiekompetanse etter vidaregåande opplæring, får du eit  kompetansebevis som viser den kompetansen du har fått. Dette kan vere aktuelt dersom du stryk i eit fag, sluttar i løpet av utdanninga eller av andre grunnar har vanskar med å fullføre vanleg utdanningsløp. Du får då det som kallast for ei grunnkompetanse.

Å oppnå  grunnkompetanse kan vere planlagt eller ikkje planlagt. 

Dersom du har planlagt å få grunnkompetanse, kan du likevel endre dette undervegs i studiene dersom du likevel klarar å fullføre fag- eller sveinebrev, yrkeskompetanse eller studiekompetanse.
Du kan også med kompetansebeviset seinare bygge på til full yrkes- eller studiekompetanse.  

Dersom du har fag- eller sveinebrev, yrkeskompetanse eller studiekompetanse som mål, men ikkje klarar å gjennomføre slik du hadde tenkt, kan grunnkompetanse være eit første utgangspunkt. Skulen hjelper deg med å leggje til rette for opplæring.

Skolen hjelper deg med å leggje til rette for opplæringa.

Dersom du tar  opplæring i bedrift, blir dette kalla lærarkandidat eller praksisbrev. Sistnemnde er ei forsøksordning i enkelte lærefag.

Elever på kjøkken