Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Realfag

Realfagstilboda er variert.  Vel kombinasjon av fag etter interesse, eller for høgare utdanning.

Matematikk S1(samfunnsvitskapleg matte)

Fordjupingsfag på Vg2. Byggjer vidare på Matte 1T på Vg1. Her ser vi nærare på algebra, funksjonar, sannsynlegheit og lineær optimering. Algebra handlar om det grunnleggjande symbolspråket i matte, om rekning med bokstavar og symbol og omforming av og rekning med formlar. Funksjonar handlar om å analysere korleis ein storleik varierer avhengig av ein annan og om samanhengar mellom storleikar frå algebra og praktiske område som analyserast ved hjelp av funksjonar og deira grafar. Sannsynlegheit handlar om sannsynlegheitsrekning som grunnlag for statistiske metodar som blir brukt for å skaffa informasjon om ein populasjon på grunnlag av eit tilfeldig utval. Lineær optimering er eit nyttig verktøy innan økonomi. Det dreiar seg om å finne best moglege løysingar på praktiske problem som naturleg modellerast med lineære likningar og ulikheiter.

Matematikk S2 (samfunnsvitskapleg matte)

Fordjupingsfag på Vg3. Matte S2 byggjer vidare på Matte S1 frå Vg2. Området byggjer på algebra, funksjonar, sannsynlegheit og statistikk. Algebra handlar om rekning med og manipulasjon av polynomer og rasjonale uttrykk, og analyse og berekning av endelege og uendelege summar av tal. Funksjonar handlar om generelle derivasjonsreglar. Vidare dreier det seg om bruk av reglane til å drøfte og rekne med funksjonar som er samansett av polynomer, potensfunksjonar, rasjonale uttrykk, logaritmefunksjonar og eksponentialfunksjonar. I tillegg inngår bruk av funksjonar til modellering, både innan økonomi og for ulike vekstfenomen. Sannsynlegheit og statistikk gjer det mogleg å beskrive og analysere tilfeldige variasjonar og systematiske tendensar i ei rekkje praktiske situasjonar.

Matematikk R1 (realfagsmatte)

Fordjupingsfag på Vg2. Matte R1 bygger vidare på Matte 1T frå Vg1. Faget fordjupar seg i geometri, algebra, funksjonar, kombinatorikk og sannsynlegheit. I geometrien lærer du måling, rekning og analyse av figurar i planet enten ved hjelp av geometriske stader, kongruens og formlikhet eller ved bruk av vektorar og koordinatar. Algebra dreier seg om det grunnleggjande symbolspråket i matematikk. Rekning, manipulasjon og argumentasjon med symboluttrykk er sentralt. Funksjonar handlar om analyse av korleis ein størrelse varierar avhengig av ein annan. Det dreiar seg om samanhengar mellom størrelsar frå algebra, geometri eller praktiske område som analyserast med funksjonar og grafer. Kombinatorikk og sannsynlegheit handlar om systematiske oppteljingsmetodar som dannar grunnlaget for sannsynlegheitsrekning.

Matematikk R2 (realfagsmatte)

Fordjupingsfag på Vg3. Matte R2 byggjar vidare på Matte R1 på Vg2. Her ser vi nærare på geometri, algebra, funksjonar og differensiallikningar. Geometrien tek føre seg måling, rekning og analyse av figurar i rommet, og om koordinatar, likningar og vektorer som blir brukt til å bestemme figurar og berekne lengde, vinklar, areal og volum. Algebra handlar om å analysere og rekne på talmønster og på endelege og uendelege summar av tal. Funksjonar tek føre seg bruk av periodiske funksjonar til å modellere periodiske fenomen. Vidare dreiar det seg om derivasjon og integrasjon av sentrale funksjonar i modellering og berekningar. Differensiallikningar handlar om å analysere og rekne på dynamiske fenomen.

Kjemi 1

Fordjupingsfag på vg2 eller vg3. Her blir du kjend med kjemiens nomenklatur, og kjemiske fenomen blir forklart med modellar på mikronivå. I tillegg dreier det seg om korleis kjemiske reaksjonar blir beskrive med reaksjonslikningar og korleis dei blir brukt til vurdering og berekning av ressursbruk og utbyte. Ved hjelp av metodar og forsøk, observasjonar, vurdering og begrunna konklusjonar vil du byggje opp kunnskapar i kjemi. Her brukar vi laboratorieutstyr, og teoriar og modellar blir testa og illustrert gjennom forsøk. Vi ser på strukturar og eigenskapar for vatn og løysningar av stoff i vatn. I tillegg ser vi på syrer, baser og pH og vi ser på naturlege og syntetiske organiske stoff. Kjemi er både eit praktisk og teoretisk fag.

Kjemi 2

Fordjupingsfag på Vg3. Byggjer vidare på Kjemi 1. Her blir du kjend med aktuell forsking innan kjemi og om kva krav som blir stilt til forskingsresultat for at dei skal vere pålitelege. Vi ser på åpne forsøk og instrumentelle analysar og om korleis kjemiske analysemetodar blir brukt til å kontrollere både kvalitet og kvantitet i mange samanhengar. Her lærer du korleis organiske stoff reagerer, og om biokjemiske reaksjoner og organiske molekylers oppbygnad, funksjonar og reaksjonar. Vi er også innom korrosjon, forbrenningsreaksjonar og elektrokjemi, samt polymerar og nanomaterialer og miljøkonsekvensar ved produksjon og deponering av ulike materialar.

Biologi 1

Fordjupingsfag på Vg2 eller Vg3. Her lærar du å bruke biologifaglege arbeidsmåtar i økologisk feltarbeid og i undersøkingar og forsøk i laboratorie, om arbeid med miljøutfordringar og vurdering av informasjon i media. Du lærar om korleis celler er bygd opp og korleis dei ulike delane av ei celle fungerer og korleis livet på jorda har utvikla seg og tilpassa seg. Kanskje er du og nysgjerrig på korleis bakteriar og virus byggjer seg opp og sprer seg, og korleis immunforsvaret i kroppen er bygd opp? Det lærer du også om i dette faget. I tillegg tek vi opp ulike problemstillingar knytta til organdonasjon og korleis det biologiske mangfoldet blir trua lokalt og globalt. Faget er både teoretisk og praktisk.

Biologi 2

Fordjupingsfag på Vg2 eller Vg3. Her ser vi nærare på grunnleggjande oppbyggings- og nedbrytingsprosessar i fotosyntese og celleanding, og den rolla enzym og kofaktorer spelar for biokjemiske prosessar. Vi ser også på korleis livet på jorda har oppstått og utvikla seg fram til i dag, og korleis menneskeskapte miljøproblem og andre vilkår kan påverke eit økosystem.
Har du undrast over kva du arvar av foreldrene dine? Vi ser nærare på DNA-molekylet og korleis det styrer livsprosessane, samt korleis nedarvingsmønstre kan studerast fra generasjon til generasjon. Og korleis kodinga i DNA-et kan føre til mutasjoner og sjukdommar. Vi ser deretter på korleis bioteknologi og genteknologi har ført til nye hjelpemiddel og teknikkar innan medisin, produksjon av mat og biologisk forsking. Dette er eit fag som krev at ein les og forstår samanhengen i temaet og andre tema frå andre kapittel.

Geofag 1

Fordjupingsfag på Vg2 eller Vg3. Geofag handlar om grunnleggjande element i naturmiljøet, som berggrunn, lausmassar, luft og vatn. Dette er naturressursar som spelar ei stor samfunnsmessig og økonomisk rolle både lokalt og globalt. I Norge er naturressursane med på å sikre økonomien i samfunnet, og Norge er ein sentral bidragsytar på det geofaglege forskingsområdet. Du lærar om korleis kontinent, hav og atmosfære fungerer, og korleis vi best kan førebyggje skadar på samfunn ved naturkatastrofar. Dette faget er interessant for deg som kunne tenkje deg å studere geologi, eller fag i tilknytning til oljeutvinning, eller er interessert i miljøfag.

Geofag 2

Fordjupingsfag på Vg2 eller Vg3. Geofag handlar om grunnleggjande element i naturmiljøet, som berggrunn, lausmassar, luft og vatn. Dette er naturressursar som spelar ei stor samfunnsmessig og økonomisk rolle både lokalt og globalt. I Norge er naturressursane med på å sikre økonomien i samfunnet, og Norge er ein sentral bidragsytar på det geofaglege forskingsområdet. Du lærar om korleis kontinent, hav og atmosfære fungerer, og korleis vi best kan førebyggje skadar på samfunn ved naturkatastrofar. Dette faget er interessant for deg som kunne tenkje deg å studere geologi, eller fag i tilknytning til oljeutvinning, eller er interessert i miljøfag.

Fysikk 1

Fordjupingsfag på Vg2 eller Vg3. Menneske har alltid undrast over naturen og vore opptatt av å forstå den. Gjennom eksperiment, observasjonar og teoretisk arbeid er fysikerne komme langt i å finne grunnleggjande prinsipp og lover som beskriv og føreseier fenomen i naturen og universet. I dette faget får du auka forståing av natur, teknologi og fenomener i dagleglivet. Du får innføring i fysikken sine begrep, symbol og språk og knytter teori og berekningar til observasjon og praktisk laboratoriearbeid. Fysikk er både eit praktisk og eit teoretisk fag.

Fysikk 2

Fordjupingsfag på Vg3. Byggjer vidare på fysikk 1. Menneske har alltid undrast over naturen og vore opptatt av å forstå den. Gjennom eksperiment, observasjonar og teoretisk arbeid er fysikerne komme langt i å finne grunnleggjande prinsipp og lover som beskriv og føreseier fenomen i naturen og universet. I dette faget får du auka forståing av natur, teknologi og fenomener i dagleglivet. Du får innføring i fysikken sine begrep, symbol og språk og knytter teori og berekningar til observasjon og praktisk laboratoriearbeid. Fysikk er både eit praktisk og eit teoretisk fag. Det blir anbefalt at du har matematikk R1 eller R2 saman med faget, då det er mykje rekning og matematikk i oppgåvene.

Informasjonsteknologi 1

Fordjupingsfag på Vg2 eller Vg3. Faget er praktisk retta med utstrakt bruk av PC. Vi ser på korleis digitalt utstyr fungerer og korleis standardar, programvare og grensesnitt mogleggjer samhandling mellom datamaskinar og anna utstyr. Vi lagar nettstader med tekst, lyd, bilde og animasjonar, og modellar og realiserer databaser. Du får tilgang til den programvara som du treng for å gjennomføre faget i den perioden du er elev i faget.

Informasjonsteknologi 2

Fordjupingsfag på Vg2 eller Vg3. Faget er praktisk retta med utstrakt bruk av PC. Vi ser på korleis digitalt utstyr fungerer og korleis standardar, programvare og grensesnitt muliggjer samhandling mellom datamaskiner og anna utstyr. Vi lagar nettstader med tekst, lyd, bilete og animasjonar, og modellar og realiserer databaser. I IT2 går vi vidare med programmering og ser på IT-system, men du treng ikkje forkunnskapar som Informasjonsteknologi 1 for å ta dette faget.

Teknologi og forskingslære 1

Fordjupingsfag på Vg2 eller Vg3. Obligatorisk fag for teknologilinjeelevar på Vg2. Fagleg og teoretisk kunnskap kombinert med evne til å tenkje kreativt og nyskapande blir ein stadig viktigare utfordring i samfunns- og næringslivet. I ei tid der teknologien grip inn på mange område i arbeidsliv og privatliv, er nyskaping gjennom bruk av teknologi og eksperimentelt arbeid sentralt. Programfaget skal gi erfaringar med realfag i praksis og skape arena for undring og nysgjerrigheit. Her får du lage eige prosjekt og prøvd deg som både forskar og oppfinnar, og er derfor ei fin øving fram mot til dømes ingeniørfaget.

Teknologi og forskingslære 2

Fordjupingsfag på  Vg2 eller Vg3. Obligatorisk fag for teknologilinjeelevar på Vg3. Fagleg og teoretisk kunnskap kombinert med evne til å tenkje kreativt og nyskapande blir ein stadig viktigare utfordring i samfunns- og næringslivet. I ei tid der teknologien grip inn på mange område i arbeidsliv og privatliv, er nyskaping gjennom bruk av teknologi og eksperimentelt arbeid sentralt. Programfaget skal gi erfaringar med realfag i praksis og skape arena for undring og nysgjerrigheit. Her får du laga eige prosjekt og prøvd deg som både forskar og oppfinnar, og er derfor ei fin øving fram mot til dømes ingeniørfaget.