Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Meir om Y-faga

Produksjon:

Omfattar yrkesrelevante og heilskaplege produksjonsprosessar i utvikling av enkle handverksprodukt og tenester. Dette inneber også grunnleggande opplæring i basiskunnskapar som teikning, fargelære, form og funksjon og arbeid med ulike materialar og handverksteknikkar. Digital programvare som mellom anna SolidWorks vert brukt i undervisninga.

Kvalitet og dokumentasjon:

Omfattar kvalitetssikring og relevant dokumentasjon av arbeidsprosessane frå ideutvikling til ferdig produkt og/eller tenester. Du få opplæring i bruk av ulike digitale verktøy som er eigna til dette. Vurdering av eige og andre sitt arbeid er sentralt. Vi ser også på økonomi i høve til produksjon og marknad og arbeider med etiske problemstillingar knytt til dette.

Prosjekt til fordjuping:

 Er eit fag der elevane har høve til å utforske enkeltyrke meir grundig. Det vert gjort gjennom ulike kurs på skulen og gjennom praksis ute i bedrift. På skulen tilbyr vi kurs i blant anna frisør, interiør, trearbeid og klesdesign.

Fellesfag vg1:

I tillegg til programfaga har du som elev på vg1 design og handverk norsk, engelsk, matematikk, naturfag og kroppsøving.