Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

PC- og mobilbruk ved skulen vår

I læringsarbeidet er det viktig med gode vanar:

Datamaskina skal alltid vere med på skulen!

  • I byrjinga av kvar time skal dataskjermen vere slått ned, og maskina skal ikkje takast i bruk før læraren seier frå.

  • Datamaskina er eit verktøy for læring. Å spele spel, drive med sosiale media som til dømes Facebook eller liknande høyrer heime i fritida di.

  • Læraren din har rett til å inndra maskina for resten av timen dersom han / ho oppdagar at du bruker ho til noko anna enn skulearbeid, eller du ikkje følgjer lærarens beskjedar i høve til når ho kan brukast.

  • Datamaskina skal aldri brukast på ein slik måte at det plager medelevane dine eller lærarane.

  • Gå aldri frå maskina di medan du er pålogga. Då kan andre elevar få tilgang til din maskin. Slå alltid ned skjermen før du går!

  • Pass på at du slår datamaskina heilt av minst ein gong om dagen. Dette er sunt for maskina di!