Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Verdiplattform

Vår visjon er at elevar og tilsette ved Sotra vidaregåande skule saman skal utvikle eit inkluderande miljø prega av respekt og medansvar slik at elevar får kunnskap og dyktigheit til å ta ansvar i yrke og samfunn og meistre utfordringane i livet.

Med desse grunnverdiane våre meiner vi:

  • RESPEKT - Vi har ein skule der vi har respekt for kvarandre og der vi aksepterer at vi er ulike.
  • INKLUDERING - Vårt skulemiljø er prega av openheit der vi syner omsorg for kvarandre. 
  • MEDANSVAR - Vi har alle rett og plikt til å medverka til eit godt læringsmiljø der vi lojalt følgjer opp dei avgjerdene vi saman har kome fram til.

Desse grunnverdiane syner seg og gjennom:

  • LIKEVERD - I skulesamfunnet vårt er alle like viktige aktørar for å laga eit godt opplæringsmiljø. 
  • DIALOG - At vi har ein kommunikasjon som er tovegs kommunikasjon der vi har eit godt samspel mellom elevar, tilsette, heim og nærmiljø.
  • INFORMASJON - At all informasjon er open og tilgjengeleg for alle.
  • MEDVERKNAD - At vi har eit aktivt demokrati der alle har høve til å påverke avgjerder som har konsekvensar for dei sjølve.
  • ATTRAKTIV - At vi er ein skule som er ein interessant opplæringsstad for ungdommar, ein god arbeidsplass for oss som har sitt virke her og ein viktig samarbeidspartnar for lokalt arbeids- og organisasjonsliv.